Kurs for personar med bipolar lidelse - Ålesund

Gruppeopplæring, 2 timar i veka over 10 veker., DPS poliklinikk Ålesund

Deltakarane må ha diagnosen bipolar lidelse type I eller II.

Målsetting:

  • Betre livskvalitet.
  • Auka sjukdomsforståing og medvit om livsstil.
  • Tidleg oppdaging av prodromalsymptom.
  • Betre etterleving av medikamentell behandling.
  • Unngå rusmisbruk / sjølmordsatferd.
  • Meistring av psykososiale konsekvensar av affektive episodar.
  • Betre sosial fungering mellom episodane.

Tilnærming:

Manualbasert behandling. Fast agenda på kvart møte med gruppediskusjon og heimelekse.
Fokus på fellesaktivitetar kombinert med fokus på individuelle utfordringar og erfaringar.

Tema:

  • Teori og faktakunnskap om bipolar liding.
  • Allment om behandling og medikamentell behandling.
  • Individuell kartlegging av eigne symptom, og korleis forebyggje nye affektive episodar.
  • Stressmeistring.
  • Arbeidsrett, trygderett, sosialrett og helsejus.
  • Rus, livsførsel og kontinuitet.

Rammer:

Gruppa møtast 2 timar i veka over 10 veker.
8 – 12 deltakarar i gruppa

Deltakarane får ein individuell informasjons/vurderingssamtale før gruppa starter, samt tilbod om ein individuell samtale undervegs og ein evalueringssamtale etter endt kurs.

Deltakarane må ha diagnosen bipolar lidelse type I eller II.

Før oppstart i gruppe får alle pasientane individuelle samtalar for kartlegging og utgreiing

Saman med terapeuten finn ein ut om gruppetilbodet er den rette behandlinga no.

Det vert igangsett grupper når det er påmeldt mange nok deltakarar

Informasjon i pdf-format

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

Frå fastlege eller behandlar i spesialisthelsetenesta.

Når og kor

Tid
2 timar i veka over 10 veker.
Klokkeslett
 
Stad
Ålesund sjukehus
Du møter på Vaksenpsykiatrisk  poliklinikk..
Det er i bygget som ligg nordaust for sjukehusblokkene.
 
Arrangør
DPS poliklinikk Ålesund
 
Kontaktinformasjon
Gruppebehandlingsteamet
Vaksenpsykiatrisk poliklinikk
Ålesund
 

Eigendel:

Du betaler ein eigendel/ frikort som ved eit anna poliklinisk besøk.

Sjukemelding:

Dersom du treng sjukmelding, kontakt fastlegen din.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.