Mentaliserings-basert Psykopedagogisk gruppe (MBT-P) - Ålesund

Gruppeopplæring, 2 timer over 6 uker, DPS poliklinikk Ålesund

Auke forståinga både for seg sjølv og andre i situasjonar der ein samhandlar.

Målgruppe:

Personar som ynskjer å jobbe med å forstå eigne og andre sine kjensler, tankar, handlingar og motiv betre.

Mentalisering kan beskrivast som evna til å sjå seg sjølv utanfrå, og å sjå andre innanfrå.

Mål:

Auke forståinga både for seg sjølv og andre i situasjonar der ein samhandlar.

Mentalisering gir oss betre hjelp til å regulere følelsar gjennom å auke forståing av eigne og andre sine intensjonar og reaksjonar. På den måten kan ein unngå å misforstå kvarandre og ikkje legge til grunn anna hensikt enn det som var meint. 

Metode:

Pedagogisk gruppe med undervisning og øvingar gjennom heimeoppgåver.

Det er ikkje ei samtaleterapigruppe, men i gruppa kan ein likevel utveksle eigne erfaringar som døme på dei tema som det vert undervist om.

Rammer og struktur:

Gruppa møtast ein dag i veka à 45 min x 2 og 15 min pause over 6 veker.

8 – 10 deltakarar


Innhald:

   Fokus på 4 tema;

• Mentalisering
• Tilknytning
• Kjensler
• Gruppeterapi 
  


Det vert igangsett grupper kvart semester dvs to grupper i året


Nedlastbar informasjon i pdf
     
                  


        


Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

Før oppstart i mentaliserings-basert psykopedagogisk gruppe må du ha fast behandlar spesialist-helsetenesta eks. ved Vaksenpsykiatrisk poliklinikk.

Fastlegen din kan tilvise deg til slik behandlar som i samråd med deg tilviser til behandling i mentaliseringsbasert pedagogisk gruppe dersom det er aktuelt for deg.




Når og kor

Tid
2 timer over 6 uker
Klokkeslett
 
Stad
Ålesund sjukehus
Oppmøte på Vaksenpsykiatrisk  poliklinikk..
Det er i bygget som ligg nordaust for sjukehusblokkene.
 
Arrangør
DPS poliklinikk Ålesund
 
Kontaktinformasjon
Gruppebehandlingsteamet
Vaksenpsykiatrisk poliklinikk
Ålesund
 

Eigendel:

Du betaler ein eigendel/ frikort som ved eit anna poliklinisk besøk.

Sjukemelding:

Dersom du treng sjukmelding, kontakt fastlegen din.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.