Opplæring i helsepedagogikk for brukarrepresentantar og helsepersonell

Kurs , 16.10.2017-02.11.2017 , Læring og meistringssenteret

Målsettinga er å sette brukerrepresentantar og tilsette i stand til å gjennomføre og delta i gruppebaserte opplæringstiltak for pasientar og pårørande.

Helse Møre og Romsdal tilbyr opplæring i helsepedagogikk over to dagar og ein ettermiddag til representantar frå brukarorganisasjonar, tilsette i Helse Møre og Romsdal og i kommunar i Møre og Romsdal fylke.

Teori og praktiske øvingar

Kurset er ein kombinasjon av teori og praktiske øvingar. Deling av erfaringar mellom helsepersonell og brukarrepresentantar frå pasientorganisasjoner er sentralt.

Målsettinga med kurset er å sette brukarrepresentantar og tilsette betre i stand til å gjennomføre og delta i gruppebaserte opplæringstiltak for pasientar og pårørande.

Brukarane med

HMR har i fleire år hatt helsepedagogiske opplæringstilbod, men denne gongen har brukarorganisasjonane vore aktivt med i planlegginga og skal delta i opplæringa. Dei veit best kvar skoen trykkjer og kva pasientane og pårørande er best tent med når det gjeld opplæring og meistring.

Brosjyre med programmet og praktisk informasjon er lagt ved og vi vonar at den som leser dette tipsar aktuelle deltagarar og spreie informasjonen.

Avgrensa tal plassar

Det er eit avgrensa tal på plasser og vi har som mål at det vert ein lik fordeling mellom brukarrepresentantar, tilsette frå Helse Møre og Romsdal og frå kommunane.

Program for kurset i helsepedagogikk


Når og kor

Dato
16.10.2017-02.11.2017 
Klokkeslett
 
Stad
Ålesund sjukehus
Åsebøen 11
 
Arrangør
Lærings- og meistringssenteret
 
Kontakt
Lærings- og meistringssenteret,
tlf. 71 12 09 99 / 957 81 432
 
Meir informasjon
Toril.kvisvik@helse-mr.no  

Praktisk informasjon

Dei første dagane varar i 8 timar, medan den siste dagen starter kl. 16.30 og varer til kl. 2030.

Påmeldingsfrist:

6. oktober 2017

Påmelding til:

Toril.kvisvik@helse-mr.no

Ta med matpakke. Kaffi og te blir servert.
Kurset er gratis.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.