Pårørandedag ved Mork rehabiliteringssenter

Kurs, 30.04.2016, Mork rehabiliteringssenter

Både pårørande og pasientar er velkomne denne dagen.

Når ein som står deg nær blir utsett for skade eller sjukdom, vil dette føre med seg belastningar og endringar i livssituasjonen også for deg som pårørande. Som pårørande vil ein vere ein viktig ressurs og ein nødvendig støtte for personen som skal meistre tilværet etter skade eller sjukdom. Samtidig kan ein ha behov for støtte og hjelp til å meistre sin eigen livssituasjon. Med utgangspunkt i dette, inviterer vi til ein undervisningsdag med fokus på pårøranderolla. Målet er å bidra med aktuell informasjon og refleksjon, og å vere eit møtepunkt for personar i same situasjon. Noko av informasjonen vil ta utgangspunkt i hjerneslag, men det meste vil vere aktuelt uavhengig av diagnose.

Når og kor

Dato
30.04.2016 
Klokkeslett
10:15-15:30 
Stad
Mork rehabiliteringssenter
  
Arrangør
Mork rehabiliteringssenter
 

Program

(det kan kome endringar)

10.15     Velkommen/ introduksjon

10.30     Hjerneslag og fremming av god helse v/ legespesialist Tonja Pantelatos

11.00     Brukarinnslag: «Kvardagsmeistring» v/ Lisbeth Sæther og Jan Magne Dahle

11.30     Rettar og stønadar v/ sosionom Eli Skaatun

12.00     Felles lunsj

13.00     Hjelpemiddel v/ ergoterapeut Marte Husøy

13.30     Roller og samhandling v/ sosionom Eli Skaatun

14.15     Samtalegruppe

15.15     Felles oppsummering

15.30     Slutt

Påmelding

Seinast fredag 22.april til e-post mork@helse-mr.no eller telefon 70 16 89 00.

Pris

150,- pr. person. Inkluderer lunsj, kaffi/ te og forfriskingar. Vi har dessverre ikkje høve til å tilby overnatting på Mork denne helga.