HELSENORGE

Praktisk kurs i formidling

Praktisk kurs i formidling er eit dagskurs for helsepersonell som underviser pasientar/brukarar og pårørande eller underviser og informerer kollegaer.

KVIFOR DELTA PÅ KURS

Kurset passar for deg som vil bli betre på å formidle. Hensikta er at du skal få vidareutvikle deg som undervisar og bli tryggare i ei formidlingsrolle. Her du får du praktisk trening i å presentere, tips og råd. 

Kurset passar for fagpersonar og helsepersonell og er relevant for alle som arbeidar utadretta mot pasientar, pårørande og andre fagpersonar, både i spesialisthelseteneste og kommunehelseteneste. 

OM KURSET

Kurset startar med ein teoridel. Hoveddelen av kurset består av dialogøving og det å sjølv halde ein presentasjon, sjå andre holde presentasjonar, sjå seg sjølv filma på mobilkamera, samt få og gi tilbakemeldingar. Tidlegare hadde dette kurset tittelen Kurs i presentasjonsteknikk.

Førebuingar

Du som deltakar må i forkant av kurset førebu ein kort presentasjon med sjølvalt tema og presentasjonsform. Temaet kan til dømes vere noko frå arbeidsstaden din eller ein presentasjon om ein fritidsaktivitet. Det er korleis du presenterer temaet som er hovedfokuset. Meir informasjon om dette vil du få ved påmelding. 

Det vert lagt opp til ei uhøgtidleg, spennande, krevjande og morsom læringsoppleving. Fokus i kurset er kommunikasjon mellom menneske i ein undervisningssituasjon og det vil ikkje bli lagt stor vekt på tekniske hjelpemiddel. Ved behov kan ein utvikle eigne kurs med tanke på digital formidling dersom interessa er stor. 

Kursleiarar er rådgivarar ved Lærings- og meistringssenteret.

«Dette var mye morsommere enn jeg trodde» (tidligere deltakar). 
«Den praktiske delen var viktig for å bli mer kjent med seg selv og sin måte å presentere på, samt se andre i samme situasjoner for å forstå forskjellen på oss fagpersoner»  (tidlegare deltakar på formidlingskurs ved UNN). 

Hausten 2022 vert kurset i Volda. Neste årlege kurs vert lagt til annan stad i fylket. 

PROGRAM

Program for kurs haust 2022 kan du lese her (pdf)

PÅMELDING

Vi legg vekt på å skape ei trygg ramme for å halde sin presentasjon. Det er difor lagt opp til at kurset ikkje har for mange deltakarar, maksimum 8 - 10 deltakarar på kvart kurs.

Påmelding til kurset skjer gjennom denne lenka i Læringsportalen

Påmeldingsfrist 18. november. Hugs å legge inn e-post adresse dersom du ikkje arbeider i Helseføretaket eller gi beskjed om særskilde hensyn. 


Kontakt rådgivar Camilla Kleppe Eidså ved spørsmål.

KOSTNADAR OG LUNSJ

Kurset er gratis. Det vert servert kaffi, te og litt frukt. Deltakarar dekker sjølv lunsj (ta med matpakke eller kjøp i kantine).

GODKJENT SOM MERITTERANDE KURS

Kurset er godkjent av Norsk Fysioterapeutforbund med 6 timer. Kurset kan, saman med mastergrad, nyttast i spesialistutdanning og ved fornyelse av relevant spesialistgodkjenning. 
Kurset søkast inn som godkjent av Norsk sykepleierforbund (NSF) og Klinisk Ernæringsfysiologers forening (KEF).

For andre typar kurs eller informasjon trykk på boksa under om Lærings- og meistringssenteret.

Fann du det du leita etter?