Revmatologiske sykdommer - Ålesund

Kurs, Revmatologisk avdeling

For deg som har betennelses aktig revmatisk sjukdom.  Kurset er tilrettelagt for deg som har nokså ny oppstått sjukdom(i løpet av dei siste par åra).

Revmaskole

Revmaskolen blir arrangert kvart halvår.

Leddgiktskurset og Sjøgrenskurset går over to dagar, kl 10:00-15:30 begge dagane.

Spondylartrittkurset varer ein dag, frå kl 10:00-17:00.

Føremålet med undervisninga

Føremålet med undervisninga er at deltakarane skal få kunnskap om sjukdommen og ulike typar behandling, og at dei skal vite kva dei sjølv kan gjere for å leve best mogleg med sjukdommen i kvardagen. Dei skal også kjenne seg trygg på når dei bør kontakte helsepersonell som fylgje av sjukdommen eller behandlinga.

Fleire faggrupper og ein brukar deltar.

Tema:

  • Sjukdomslære
  • Medikament
  • Kosthald
  • Daglege aktivitet
  • Fysisk aktivitet
  • Trygde- og sosiale rettar

Undervisningsforma varierer mellom forelesingar, aktivitet individuelt og i grupper og utveksling av erfaringar.

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

For å kunne delta må du ha ei tilvising frå lege. Som oftast er det legar ved revmatologisk avdeling som tilviser, men fastleger kan også tilvise.

Når du blir tilvist, vil du mota eit brev med ei stadfesting av tilvisinga, og du blir sett på ei venteliste. Når det blir ledig plass på det aktuelle kurset, blir du innkalla. Du får tilsendt dei praktiske opplysningar som du treng.

Når og kor

Stad
Ålesund sjukehus
Lærings- og mestringssenteret(LMS)
Åsebøen 11, 8 etg.
 
Arrangør
Revmatologisk avdeling
 
Kontakt
Dersom du har spørsmål om Revmaskolen, kan du kontakte sjukepleiar Anita Grimstad eller Kristin G. Mørkeseth
Telefon: 70105393

 

Kursavgift:

Kr 345,- (påførast eigenandelskort). For den som har frikort er det gratis. Faktura sendast i etterkant av kurset.

Kaffi/te, frukt og lunsj:

Kr 100 pr person.
Faktura sendast i etterkant av kurset.

Bindande påmelding:

Det er bindande påmelding . Ved ikkje møtt vil den enkelte bli belasta med kr 690,-.

Venleg gje beskjed i god tid dersom det er særskilde behov vi skal ta omsyn til f.eks. kost, høyrsel etc.

Tenk gjerne gjennom spørsmål på førehand.