Sjølvtillitsgruppe - Ålesund

Gruppeopplæring, 10 gruppesamlingar á 2 timar, DPS poliklinikk Ålesund

Personar som er lite sjølvhevdande, sosialt usikre og utnyttbare.

Målsetting:

Betre deltakarane si evne til å kommunisere eigne ønske og behov utan å bli sinte eller hemma av skuldkjensle.
Lære å uttrykke eigne meiningar og ta eigne val.

Tilnærming:

Hovudsakleg kognitiv og meistringsorientert tilnærming.

Tema:

  • Reaksjonsmåtar
  • Kroppsspråk
  • Mine rettar som menneske
  • Korleis be om det du har behov for?
  • Korleis bygge sjølvrespekt?
  • Gi og ta imot kritikk
  • Ulike forventningar til menn og kvinner
  • Vegen vidare

Rammer:

10 gruppesamlingar á 2 timar inklusiv pause.

8 – 10 deltakarar.

Dagsorden:

  • Runde med forventningar/erfaringar
  • Dagens tema
  • Gruppesamtale
  • Heimearbeid


Målgruppe:

Personar som er lite sjølvhevdande, sosialt usikre og utnyttbare.

Informasjon i pdf-format

Det vert igangsett grupper når det er påmeldt mange nok deltakarar.

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

Du må ha tilvising frå lege for å delta i gruppebehandlinga.
Fastlegen kan tilvise deg til behandling i spesialhelsetenesta.

Når og kor

Tid
10 gruppesamlingar á 2 timar
Klokkeslett
 
Stad
Ålesund sjukehus
Du møter på Vaksenpsykiatrisk  poliklinikk..
Det er i bygget som ligg nordaust for sjukehusblokkene.
 
Arrangør
DPS poliklinikk Ålesund
 
Kontaktinformasjon
Gruppebehandlingsteamet
Vaksenpsykiatrisk poliklinikk
Ålesund
 

Eigendel:

Du betaler ein eigendel/ frikort som ved eit anna poliklinisk besøk.

Sjukemelding:

Dersom du treng sjukmelding, kontakt fastlegen din.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.