Slag - Kristiansund

Gruppeopplæring, 17.10.2017-07.11.2017, Medisinsk poliklinikk Kristiansund

Kurset er for heimeboende vaksne som har hatt hjerneslag innafor dei siste 1-2 åra, og deira  pårørande.

Hjerneslag og konsekvensar i kvardagar blir belyst av overlege.

Andre innlegg ved klinisk ernæringsfysiolog, sosionom, farmasøyt og logoped.

Fysioterapeuten bidrar med aktivitet og brukerrepresentant fortaler om sin kvardag.

Dette er eit samarbeid mellom medisinsk poliklinikk, Norsk Foreining for slagramma, og Lærings- og meistringssenteret.

Kurset går over fire dager: 17. og 24. og 31. oktober og 7. november 2017

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

For å kunne delta må du ha ei tilvising frå din lege. Tilvisinga kan ordnas pr telefon til ditt fastlegekontor. Tilvising sendast elektronisk til medisinsk poliklinikk ved sjukehuset i Kristiansund

Når og kor

Dato
17.10.2017-07.11.2017 
Klokkeslett
 
Stad
Kristiansund sjukehus
Auditoriet
 
Arrangør
Medisinsk poliklinikk Kristiansund
i samarbeid med Lærings- og meistringssenteret Helse MR 
Kontakt
Medisinsk poliklinikk, Kristiansund sjukehus.
Tlf. 71 12 23 00.
 

Påmeldingsfrist:

3. oktober 2017

Påmelding til:

Medisinsk poliklinikk, Kristiansund sjukehus. Tlf. 71 12 23 00

Kursavgift:

Kr. 345.- (påførast eigenandelskort). For den som har frikort er det gratis. Faktura sendast i etterkant av kurset.

Kaffi/te, frukt og lunsj:

Kr 100 pr person pr dag.
Faktura sendast i etterkant av kurset. Gje beskjed dersom du ikkje ønskjer bevertning.

Bindande påmelding:

Det er bindande påmelding . Ved ikkje møtt vil den enkelte bli belasta med kr 690,-.

Venleg gje beskjed i god tid dersom det er særskilde behov vi skal ta omsyn til f.eks. kost, høyrsel etc.

Tenk gjerne gjennom spørsmål på førehand.