KVIFOR DELTA PÅ KURS
I sorggruppa kan du dele kjensler og utrykke di sorg saman med nokon som "verkeleg forstår", og dei vonde opplevingane vert anerkjent og får plass. Ein kan både gi og få gode råd og informasjon, og det kan også gi livsmot og håp ved at ein ser og høyrer at det er mogleg å kome vidare i livet etter dødsfall.
INNHALD
- Sorgreaksjonar
- Å vere einsam
- Ressursar
- Identitet
- Meistring
- Framtida
- Sorg og minner
PRAKTISKE OPPLYSNINGAR
Sorggruppa går over 7 møter.
Du mottek informasjon i god tid før oppstart. Ta kontakt for å høyre om tilbodet/gruppene også kan passe for born/ungdom.