Sorgstøttegruppe - Ålesund/Mole

Gruppeopplæring, Føde/barsel Ålesund

Tilbod til foreldre som har mista barn i mors liv eller i forbindelse med fødsel

Som ein del av oppfølginga av deg som har mista eit barn etter 22. svangerskaps-veke har Kvinneklinikken tilbod om gruppesamlingar. Som deltakar i sorgstøtte-gruppe vil du møte andre foreldre i same situasjon.

Sorgstøttegruppe.jpg

For foreldre som har mista barn i mors liv eller i forbindelse med fødsel

Sorgstøttegruppe

  • er ein arena der ein kan sette ord på korleis ein har det i lag med andre i same situasjon
  • kan ha ei berande og lindrande kraft
  • er ein stad der kvar og ein kan finne sin måte å meistre situasjonen på
  • er ikkje eit behandlingstilbod, men eit sorgstøttetilbod

Det aller viktigate med samlingane i sorgstøttegruppa er tid og rom for å sette ord på det kvar og ein har behov for.

Døme på tema for samlingane

  • Tid til å bli kjent i gruppa
  • Liv, død og minner
  • Begravelse og ritualer
  • Sorga sin verknad på kjensler, kropp, atferd og relasjonar
  • Forholdet til familien, vener og kollegaer
  • Korleis takle stress og uro i kroppen
  • Korleis ta vare på seg sjølv og parforholdet
  • Kva med eit nytt svangerskap
  • Framtida

Brosjyre i pdf-format

Når og kor

Stad
Samlingane blir planlagt til Ålesund eller Molde - avhengig av påmelding
 
Arrangør
Føde-barsel Ålesund
 
Kontaktinformasjon
For meir informasjon og påmelding:
Kontakt føde-barselavdelinga ved Ålesund sjukehus:
tlf: 70 10 59 30 / 70 10 59 40
e-post: Elin.Hansen.Ytterbo@helse-mr.no 
 

Gruppeleiar: Jordmor med kompetanse og erfaring innan veiledning og sorgarbeid

Fann du det du leita etter?