Startkurs diabetes type 2 - Ålesund

Gruppeopplæring , kvar vår og haust , Poliklinikk for diabetes og stoffskiftesjukdommar Ålesund

Lærings og mestringskurs for deg som har diabetes type 2, enten om du har hatt det lenge eller er nylig diagnostisert, alle er velkommen.( også pårørande)

Undervisning av helsepersonell , livstilsråd, deling av erfaring, samtaler og rom for spørsmål undervegs.
Kurset går over 2 dagar, frå kl 09 til ca 15.30

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

For å kunne delta må du ha ei tilvising frå din lege. Tilvisinga kan ordnas pr telefon til ditt fastlegekontor. Tilvising sendast elektronisk til: diabetespoliklinikk V/ÅSH

Når og kor

Tid
kvar vår og haust
Klokkeslett
 
Stad
Ålesund sjukehus
som regel blir kurset halde ved LMS v/Ålesund sjukehus
 
Arrangør
Diabetes og stoffskiftesjukdommar, poliklinikk Ålesund
 
Kontakt
70105383/ 70105429/70105386 – DIApol Ålesund Sjukehus
 

Du vil bli innkalla til kurset, som ved ein poliklinisk time . Dersom du ikkje kan møte har vi avmeldingsfrist.

Avmeldingsfrist:

som regel 1 veke før kursa

Avmelding til :

diabetespoliklinikken ÅSH  70105000 (sentralbord- for å bli satt over) 70105383 – sekretær v/diabetespol.

Kursavgift:

Kr 351,- (påførast eigenandelskort). For den som har frikort er det gratis. Faktura sendast i etterkant av kurset.

Kaffi/te, frukt og lunsj:

Kr 75 pr person/ dag
Faktura sendast i etterkant av kurset. Gje beskjed dersom du ikkje ønskjer bevertning/ v evt allergiar.

Ved ikkje møtt vil den enkelte bli belasta med kr 702,-.

Venleg gje beskjed i god tid dersom det er særskilde behov vi skal ta omsyn til f.eks. kost, høyrsel etc.

Tenk gjerne gjennom spørsmål på førehand.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.