Avdelinga har 22 sengeplassar. Hovuddelen er gastrokirurgiske pasientar. Vi har eit nært og godt samarbeid med dagkirurgisk seksjon. Nokre av pasientane våre blir overførte dit.
Vi har pasienten i fokus. Kvardagen kan vere tøff og utfordringane er mange. Vi gjer vårt beste for å skape eit trygt og godt arbeidsmiljø prega av openheit, støtte og lagspel. Dette gjer vi ved å ha kjerneverdiane i fokus:
- Respekt: alle skal vise respekt for pasientar og medarbeidarar.
- Ansvar: alle må ta ansvar for at trivselen ved avdelinga er god.
- Tillit: vi skal skape tillit slik at pasientar føler dei blir tatt hand om.
- Tryggleik: både pasientar og tilsette skal kjenne seg trygge på kirurgisk sengepost 2.