Akuttmottak Volda

Pasientane kjem til oss via fastlege/legevakt, eller som akutt hjelp på grunn av akutt sjukdom eller skade. Her blir pasientane vurderte av sjukepleiar og lege, som startar nødvendig behandling og undersøkingar før pasienten blir skriven inn på aktuell avdeling. Nokre pasientar blir skrivne ut og/eller vidareformidla til andre behandlingsinstitusjonar. 

Les meir om Akuttmottak Volda

Akuttmottak Volda

Vi har også ansvaret for legevaktsformidlinga på søre Sunnmøre, og nattlegevakta for søre Sunnmøre er lokalisert ved akuttmottaket.

Kontakt

Volda sjukehus
Besøksadresse
Kløvertunvegen 1(Google maps)
Telefon
70058200
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

Barn og unge i familien?

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og unge blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vil gjer for barn og unge som er pårørande

Besøkstid Volda sjukehus

Besøkstida er kl. 14:00 - 19:00. Vi oppmodar besøkjande om å ta kontakt med den aktuelle avdelinga før besøket. 

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Parkering

Ved Volda sjukehus finn du dei fleste parkeringsplassane på oppsida (nordsida) av sjukehuset. I tillegg er det noko parkeringsareal mellom DPS-et og hovudbygget. Det er kostnadsfritt å parkere ved sjukehuset. HC-parkering ved hovudinngangen, akuttmottaket, DPS og BUP. Det er moglegheit for av- og påstiging rett utanfor hovudinngangen.


 

Pasienttelefon

På avdelingane er det telefonar ved alle sengene. Det er også telefonautomatar i alle etasjar.

 

Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Pårørande ved akuttmottaket

​Pårørande kan vere ein ressurs både for pasienten og personalet, men av omsyn til drifta må vi nokre gongar avgrense talet på pårørande inne hos pasienten. Enkelte behandlingssituasjonar er ikkje eigna for følge av pårørande. Dette vil du få informasjon om av sjukepleiar i akuttmottaket.

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Servicetorget

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

08.00–16.30

Spisestader

​Kantina i underetasjen er open for pasientar, pårørande og tilsette. Vi har middagsservering kvar dag frå kl 12.00 - 16.00 i tillegg til litt kioskvarer, krigler, kaker og påsmurt brødmat. Vi har også pålegg og brødmat som du kan smøre sjølv.

Kantina har følgjande opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 08.00 - 16.00
  • Laurdag og søndag: kl 12.00 - 16.00

 

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.