Overgrepsmottaket Ålesund

Vi hjelper ungdom og vaksne som har blitt utsett for seksuelle overgrep, forsøk på seksuelle overgrep, eller vald i nære relasjonar. Mottaket tar imot pasientar frå alle kommunane på Sunnmøre. Overgrepsmottaket er eit samarbeid mellom Ålesund kommune og Helse Møre og Romsdal. 

Les meir om Overgrepsmottaket Ålesund

Overgrepsmottaket Ålesund

I mottaket har vi eit team med legar og sjukepleiarar som er spesielt opplært til å jobbe med overgrepssaker.

  • Du kan kome utan tilvising
  • Vi har døgnopent, og behandlinga er gratis
  • Forholdet treng ikkje vere meldt til politiet
  • Våre tilsette har teieplikt
  • Du kan sjølv bestemme om du vil ta imot heile tilbodet eller berre delar av det
  • Det er ein fordel at du kjem med ein gong, helst før du dusjar, skiftar klede og et.

Vi legg til rette for:

  • Samtale
  • Medisinsk undersøking med tanke på skadar, smitte og graviditet
  • Vi kan sikre bevis dersom du ønsker å melde saka til politiet
  • Hjelp til å kontakte bistandsadvokat (gratis), uavhengig om du vel å melde saka til politiet
  • Hjelp til å kontakte politi
  • Informasjon om oppfølgingstilbod og andre hjelpeinstansar

Kontaktinformasjon

Oppmøtestad
Ålesund lokalmedisinske senter, 2, Åsesvingen 16, inngang nord.
Telefon
116117
(Legevakta der du er)
Fann du det du leita etter?