Avdeling for habilitering av barn og unge

Avdeling for habilitering av barn og unge har to habiliteringstilbod for personar mellom 0-18 år, ein seksjon i Ålesund og ein seksjon i Kristiansund. Tenesta gir tverrfagleg tilbod til barn og unge med nedsett funksjonsevne, som følgje av medfødde eller tidlig erverva tilstandar, skadar i nervesystem eller bevegelsesapparat.

Les meir om Avdeling for habilitering av barn og unge

Avdeling for habilitering av barn og unge


 

Habiliteringstjenesta for barn og unge
Habilitering av barn og unge er eit samansett fagfelt som grensar mot andre fagområde i spesialisthelsetenesta. Habilitering handlar om ein tverrfagleg innsats for betring av funksjonsevne, helse og livskvalitet gjennom utgreiing, diagnostikk, behandling og tiltak.

Habilitering
Habilitering er tidsavgrensa, planlagde prosessar med klare mål og verkemiddel, der fleire aktørar samarbeider om å gi naudsynt bistand til brukarane sin eigen innsats for å oppnå best mogleg funksjons- og meistringsevne, sjølvstende og deltaking sosialt og i samfunnet.

Målgruppe
Barn som treng spesialisert helsehjelp pga. medfødd eller tidleg erverva funksjonsnedsetting av kompleks og samansett karakter. I målgruppa er mellom anna Cerebral parese, ulike syndrom, barn med manglande motorisk eller kognitiv utvikling, autismespekterforstyrring og komplekse tilstandar som medfører alvorleg og samansatt nedsetting av funksjon.

Oppgåver
Utgreiing, diagnostisering, behandling, råd og vegleiing, kurs og pasientopplæring.

Kjenneteikn ved habiliteringstenesta
-  Helsehjelpa blir tilpassa den enkelte pasient og omgivnaden
-  Aktiv innstats i ei avgrensa periode
-  Tverrfaglegheit
-  Spisskompetanse og spesialisering på ulike fagfelt
-  Poliklinisk og ambulant arbeidsform
-  Familiefokusert tilnærming
-  Koordinerte tiltak og samarbeid med kommunale instansar


Avdelingssjef:
  Eva Løkvik.

Kontakt

Oppmøtestad

Kristiansund: Sykehusgt. 2, ved Kristiansund sjukehus.

Ålesund: Åsebøen 11, sjukehusblokkene nordaust for Ålesund sjukehus.

Telefon
71121600
Måndag - fredag kl 08:00 - 15:30
Postadresse

Helse Møre og Romsdal HF
Postboks 1600
6026 Ålesund

Kristiansund sjukehus
Besøksadresse
Herman Døhlens vei 1(Google maps)
6508 Kristiansund
Telefon
71120000
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

​Endre/avbestille time

Må du avbestille eller endre time, så ber vi deg ta kontakt med vår ekspedisjon - på telefon. Det er viktig at ringer så snart som råd og seinast innan 24 timar før avtalt time. Unytta timar som ikkje blir varsla vil bli fakturt. Ekspedisjonstida er frå måndag til fredag, kl 08.00 – 15.30.

Barn og unge i familien?

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og unge blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vil gjer for barn og unge som er pårørande

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Servicetorget

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

Kvardagar: 07.30–21.00

Laurdag: 10.00–17.00

Søndag: 12.00–19.00

Sjukehusapoteket i Kristiansund

Spisestader

​Kantina i 2. etasje er open for pasientar, pårørande og tilsette.

Kantina har følgjande opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 08.00 - 14.30
  • Helg og høgtid: stengt  

I tillegg kan du finne kiosk i 1. etasje ved Kristiansund sjukehus.

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.

Tilvisingsskjema - habilitering av barn og unge

Arrangement

  • 26.6 tysdag
    Søskenleir i Ålesund 2018

    For deg mellom 10-16 år som har bror eller søster med nedsett funksjonsevne. Les meir i vedlagt invitasjon!

  • 24.9 måndag
    Asperger syndrom - for foreldre, Molde

    Opplæring for foreldre/foresatte til barn med autismespektervansker som ønsker kunnskap om og forståelse for barnets utfordringer i forhold til sin diagnose. Opplæringen går over to enkeltdager. Les mer i vedlagt invitasjon.

  • 2.10 tysdag
    Asperger syndrom - for foreldre, Ålesund

    Opplæring for foreldre/foresatte til ungdom 13-18 år med autismespektervansker som ønsker kunnskap om og forståelse for barnets utfordringer i forhold til diagnose. Opplæringa går over to enkeltdager. Les mer i vedlagt invitasjon!

  • 3.10 onsdag
    Asperger syndom - ungdom, Molde

    Opplæring for ungdom i alderen 13-18 år (fra 8. klasse) med autismespektervansker/Asperger syndrom, som ønsker kunnskap om og forståelse i forhold til sin diagnose. Totalt åtte samlinger høsten 2019. Les mer i vedlagt invitasjon!

  • 16.10 tysdag
    Asperger syndrom - for ungdom, Ålesund

    Opplæring for ungdom 13-18 år (fra 8. klasse) med autismespektervansker som ønsker kunnskap om og forståelse i forhold til seg selv og diagnose. Det er totalt åtte samlinger høsten 2018. Les mer i vedlagt invitasjon!

  • 21.11 onsdag
    Rettigheitskurs i Volda og Molde - hausten 2018

    Kva er viktig for meg og familien? Hjelpe- og støtteordningar for barn, ungdom og familien. Målgruppa er ungdom over 16 år og foreldre/føresette til barn/unge i skulealder. Meir informasjon om kurset, samt om påmelding m.v., blir lagt ut seinare.

Habilitering av barn og unge Kristiansundhttps://helse-mr.no/avdelinger/klinikk-for-barn-og-unge/avdeling-for-habilitering-av-barn-og-unge/seksjon-for-habilitering-av-barn-og-unge-kristiansundHabilitering av barn og unge Kristiansund
Habilitering barn og unge Ålesundhttps://helse-mr.no/avdelinger/klinikk-for-barn-og-unge/avdeling-for-habilitering-av-barn-og-unge/seksjon-for-habilitering-av-barn-og-unge-alesundHabilitering barn og unge Ålesund

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.