Seksjon for habilitering av barn og unge Kristiansund

Seksjon for habilitering av barn og unge ved Kristiansund sjukehus er eit av Helse Møre og Romsdal HF sine to habiliteringstilbod for personar mellom 0 - 18 år. Habilitering er målretta arbeid for å byggje opp og støtte funksjonar, samspel, livskvalitet og deltaking hos barn som er født med funksjonshemming eller som blir funksjonshemma før fylte 18 år. Også andre barn og unge med behov for tverrfagleg habiliteringsteneste kan få tilbod hos oss.

Les meir om Seksjon for habilitering av barn og unge Kristiansund

Seksjon for habilitering av barn og unge Kristiansund

Habiliteringsarbeid er basert på at fleire fagpersonar arbeider saman. I tenesta arbeider ergoterapeutar, fysioterapeut, lege, pedagogar, psykolog, sjukepleiar og vernepleiarar. Alle som er i kontakt med oss får ein eigen kontaktperson/koordinator ved tenesta.

Dette er dei tre viktigaste arbeidsområda for tenesta:

  • Utgreiing og diagnostisering av barn og ungdom i aldersgruppa 0 - 18 år for aktuelle problemstillingar.
  • Rettleiing og råd til tiltak rundt barnet/ungdomen.
  • Kurs/opplæring for foreldre og fagpersonar i kommunane.


Seksjonsleiar: Eva Løkvik

Kontakt

Oppmøtestad
Seksjon for habilitering av barn og unge ligg i Sykehusgt. 2, like ved Kristiansund sjukehus.
Telefon
71 12 16 00
Måndag - fredag kl 08:00 - 15:30
E-post
Postadresse

Helse Møre og Romsdal HF
Postboks 1600
6026 Ålesund

Kristiansund sjukehus

Besøksadresse
Herman Døhlens vei 1(Google maps)
6508 Kristiansund
Telefon
71 12 00 00
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

​Endre/avbestille time

Må du avbestille eller endre time, så ber vi deg ta kontakt med vår ekspedisjon - på telefon. Det er viktig at ringer så snart som råd og seinast innan 24 timar før avtalt time. Unytta timar som ikkje blir varsla vil bli fakturt. Ekspedisjonstida er frå måndag til fredag, kl 08.00 – 15.30.

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Presetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Presetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Sjukehusapoteket i Kristiansund

Spisestader

​Kantina i 2. etasje er open for pasientar, pårørande og tilsette.

Kantina har følgjande opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 08.00 - 14.30
  • Helg og høgtid: stengt  

I tillegg kan du finne kiosk i 1. etasje ved Kristiansund sjukehus.

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.

Tilvisingsskjema - habilitering av barn og unge

Arrangement

  • 04.09 måndag
    Autismepektervanskar - foreldre, Molde

    Opplæring for foreldre til ungdom 13 - 18 år med Asperger syndrom. To dagar samling i Molde. Les meir i vedlagt invitasjon!

  • 13.09 onsdag
    Asperger syndrom - for ungdom - Molde

    Opplæring/samling for ungdom frå 8. klasse med Asperger syndrom. Åtte samlingar i Molde med oppstart 13. september. Les meir i vedlagt invitasjon!

  • 26.09 tysdag
    Rettigheitskurs - til foreldre og ungdom, Ørsta

    Kva er viktig for meg og familien? Hjelpe- og støtteordningar for barn, ungdom og deira familie. For foreldre/føresette til barn og unge i skulealder, og for ungdom over 16 år. Les meir i vedlagt invitasjon!

  • 27.09 onsdag
    Starthjelp - til foreldre, Kristiansund

    Opplæring til foreldre som har fått barn (0-6 år)med nedsatt funksjonsevne og/eller langvarig sjukdom. Fire dagssamlingar i Kristiansund.

  • 28.09 torsdag
    Epilepsi - foreldre og fagpersonar - Kristiansund

    Kurset er for foreldre med barn og ungdom med Epilepsi og aktuelle fagpersonar.

  • 23.11 torsdag
    Rettigheitskurs - til foreldre og ungdom, Molde

    Kva er viktig for meg og familien? Hjelpe og støtteordningar for barn, unge og deira familie med helseutfordringar/funksjonsvanskar. Opplæringa er for foreldre til barn i skulealder, og for ungdom over 16 år. Meir info i vedlagt invitasjon.

  • 13.02 tysdag
    Rettigheitskurs - til foreldre og ungdom, Ålesund

    Kva er viktig for meg og familien? Hjelpe og støtteordningar for barn, unge og deira familie med helseutfordringar/funksjonsvanskar. Opplæringa er for foreldre til barn/unge i skulealder, og for ungdom over 16 år. Meir info om kurset kjem seinare.

  • 07.03 onsdag
    Rettigheitskurs - til foreldre og ungdom, Kristiansund

    Kva er viktig for meg og familien? Hjelpe og støtteordningar for barn, unge og deira familie med helseutfordringar/funksjonsvanskar. Opplæringa er for foreldre til barn/unge i skulealder, og for ungdom over 16 år. Meir info om kurset kjem seinare.