Familieseksjon BUP

Familieseksjon BUP er eit fylkesdekkjande tilbod for psykisk helsevern som tek imot to familiar samtidig til eit opphald på tre veker. Familiane bur i kvar si leiligheit ved Knausensenteret og reiser heim i helgane. Familieseksjonen har samtalerom, skule, barnehage og kontor i hovudbygninga.

Les meir om Familieseksjon BUP

Familieseksjon BUP

Når nokon i familien har problem vil det angå alle i familien. Dersom tiltak frå det lokale hjelpeapparat og BUP poliklinikk ikkje fører fram, kan det ved enkelte høve vere hensiktsmessig med eit opphald for heile familien ved familieseksjonen. Ved å kome bort frå sitt vante miljø, kan det vere lettare å sjå nye og andre måtar og løyse problem på.

Vi vil saman med familien arbeide med dei aktuelle problema og mogelegheiter for endring. I leiligheitene ved familieseksjonen er vi saman med familien til avtalte tider. Vi har daglege samtalar med foreldra og familien. Nokre gongar kan det være aktuelt med individuelle samtalar med barn eller vaksne og/eller undersøking av enkelte barn. Vi har eit breitt samansett fagmiljø med psykolog, lege og familieterapeutar.

Alle barna går på skule (Knausenskulen) eller barnehage under opphaldet. Skulen gir opplæring etter opplæringslova. I praksis betyr et at barna får undervisning mest mogeleg lik den dei får ved heimeskulen. Elevane tek med seg skulebøkene sine.

Tilvising

Tilvisinga til familieseksjonen går gjennom ein av dei fire BUP-poliklinikkane i avdeling for psykisk helsevern for barn og unge i Helse Møre og Romsdal.

Seksjonen er ein del av Avdeling for psykisk helsevern barn og unge.

Seksjonsleiar: Kari Eidhammer

Kontakt

Oppmøtestad

Knausensenteret
Nøisomhedvg. 12
6416 Molde

Telefon
71 21 73 60
Måndag - fredag kl 08:00 - 15:30
E-post
Postadresse

Helse Møre og Romsdal HF
Postboks 1600
6026 Ålesund

Knausensenteret
Besøksadresse
Nøysomhetsvegen 12(Google maps)
6416 Molde
Telefon
71 12 00 00
Sentralbord

Praktisk informasjon

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Spisestader

​Kantina ved hovudinngangen på Knausen er open for pasientar, pårørande og tilsette.

Kantina har følgjande opningstider:

  • Måndag - fredag: 11.00 - 14.00
  • Laurdag og søndag: stengt

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.