Poliklinikk Ålesund BUP

Poliklinikken for psykisk helsevern til barn og unge frå 0 til 18 år gir tilbod om førebyggjande arbeid, gjennomføre undersøkingar, gi behandling og råd/vegleiing til personar som har psykiske lidingar eller problem. Våre tilsette har ulik utdannings- og erfaringsbakgrunn og gir tilbod ut frå tverrfagleg teamarbeid. Familien og/eller nettverket til pasienten er ofte knytt til tilbodet som blir gitt.

Les meir om Poliklinikk Ålesund BUP

Poliklinikk Ålesund BUP

Vår seksjon har i hovudsak følgjande kommunar i vår region: Haram, Giske, Ålesund, Skodje, Ørskog, Hareid, Sula, Sykkylven, Stranda, Stordal og Norddal. Fritt sjukehusval åpner for tilvisingar også frå andre kommunar. Samarbeidet med kommunane er ein svært viktig del av det helskaplege tilbodet som blir gitt til barnet/ungdomen.

Seksjonsleiar: Inger Ann Berge

 

Nyttig informasjon

Vi får tilvist barn og ungdom som kan vere redde, triste eller sinte, strever på skulen eller heime, eller har andre problem som dei treng hjelp til.  Mange gruer seg første gongen dei skal kome til oss, men dei fleste synest etterkvart at det er greit.

Når du kjem hit ønskjer vi å høyre frå deg kva som er vanskeleg, og så prøver vi å finne ut i lag kva vi kan gjere for at du skal få det betre. For å finne ut meir om dette, ønskjer vi også å snakke med foreldra dine og kanskje læraren din. Vi synest også det er viktig å høyre kva du meiner er bra og kva du liker å halde på med på skulen og i fritida.

Ofte gjer vi ulike undersøkingar, og gir deg enkelte oppgåver. Av og til pratar heile familien saman, og av og til pratar barnet/ungdomen åleine med ein av oss.  Nokre barn/ungdomar kan i tillegg ha behov for medisin. Det kan være fordi ein er svært lei seg, har sterk uro i kroppen eller har vanskeleg for å konsentrere seg.

I lag med deg og familien din kan vi samarbeide med skulen, barnehagen, PP-tenesta , lege eller helsesøster.

Vi som jobbar ved psykisk helsevern for barn og unge har teieplikt. Det vil seie at vi ikkje kan gi opplysningar til andre om kva vi får vite om deg eller familien din, uten at dykk gir oss lov til det. Dette vil den du møter her fortelle deg meir om når du kjem.

Ungdom over 16 år kan bli tilvist til oss utan at foreldra treng å bli informert.

Kontakt

Oppmøtestad

Geilebergvegen 20, 6017 Ålesund.
BUP ligg ca 500 meter øst for sjukehuset.
Innkøyring til Geilebergvegen enten frå Borgundvegen (nord) eller Borgundfjordvegen (sør).

Telefon
70167200
Måndag - fredag kl 08:00 - 15:30
Postadresse

Helse Møre og Romsdal HF
Postboks 1600
6026 Ålesund

Ålesund sjukehus
Besøksadresse
Åsehaugen 5(Google maps)
Telefon
70105000
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

​Endre/avbestille time

Må du avbestille eller endre time, så ber vi deg ta kontakt med vår ekspedisjon - på telefon. Det er viktig at ringer så snart som råd og seinast innan 24 timar før avtalt time. Unytta timar som ikkje blir varsla vil bli fakturt. Ekspedisjonstida er frå måndag til fredag, kl 08.00 – 15.30.

Barn og unge i familien?

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og unge blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vil gjer for barn og unge som er pårørande

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Parkering

​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet. Betaling pr. time kontant eller bankkort.

Kart over sjukehusområdet, inkludert informasjon om parkering.

Biletet er klikkbart og gir større versjon (pdf).

 

Pasienthotellet

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Sjukehusapoteket i Ålesund

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.

Tilvisingsskjema BUP

ADHD hos barn og unge, Ålesundhttps://helse-mr.no/behandlinger/adhd-hos-barn-og-unge-alesundADHD hos barn og unge, ÅlesundAADHD hos barn og ungeADHD hos barn og ungeADHD hos barn og ungeADHD hos barn og unge
Asperger syndrom hos barn og ungdom, Ålesundhttps://helse-mr.no/behandlinger/asperger-syndrom-hos-barn-og-ungdom-alesundAsperger syndrom hos barn og ungdom, ÅlesundAAsperger syndrom hos barnAsperger syndrom hos barnAsperger syndrom hos barnAsperger syndrom hos barn
Atferdsvanskar hos barn og ungdom, Ålesundhttps://helse-mr.no/behandlinger/atferdsvanskar-hos-barn-og-ungdom-alesundAtferdsvanskar hos barn og ungdom, ÅlesundAAtferdsvansker hos barn og ungeAtferdsvansker hos barn og ungeAtferdsvansker hos barn og ungeAtferdsvansker hos barn og unge
Depresjon hos barn og ungdom, Ålesundhttps://helse-mr.no/behandlinger/depresjon-hos-barn-og-ungdom-alesundDepresjon hos barn og ungdom, ÅlesundDDepresjon hos barn og ungeDepresjon hos barn og ungeDepresjon hos barn og ungeDepresjon hos barn og unge
Eksponering med responsprevensjon (ERP) for barn og ungdom, Ålesundhttps://helse-mr.no/behandlinger/eksponering-med-responsprevensjon-erp-for-barn-og-ungdom-alesundEksponering med responsprevensjon (ERP) for barn og ungdom, ÅlesundEEksponering med responsprevensjon (ERP) - barn og ungeEksponering med responsprevensjon (ERP) - barn og ungeEksponering med responsprevensjon (ERP) - barn og ungeEksponering med responsprevensjon (ERP) - barn og unge
Kognitiv terapi for barn og ungdom, Ålesundhttps://helse-mr.no/behandlinger/kognitiv-terapi-for-barn-og-ungdom-alesundKognitiv terapi for barn og ungdom, ÅlesundKKognitiv terapi barn og ungeKognitiv terapi hos barn og ungeKognitiv terapi hos barn og ungeKognitiv terapi barn og unge
Spiseforstyrring hos barn og unge, Ålesundhttps://helse-mr.no/behandlinger/spiseforstyrring-hos-barn-og-unge-alesundSpiseforstyrring hos barn og unge, ÅlesundSSpiseforstyrrelser hos barn og ungeSpiseforstyrrelser hos barn og ungeSpiseforstyrrelser hos barn og ungeSpiseforstyrrelser hos barn og unge
Tvangsliding hos barn og ungdom, Ålesundhttps://helse-mr.no/behandlinger/tvangsliding-hos-barn-og-ungdom-alesundTvangsliding hos barn og ungdom, ÅlesundTTvangslidelser hos barn og ungeTvangslidelser hos barn og ungeTvangslidelser hos barn og ungeTvangslidelser hos barn og unge

Arrangement

  • 4.1 torsdag
    Asperger syndrom - for ungdom - Volda

    Opplæring for ungdom frå 8. klasse (13-18 år) med Autismespektervanskar / Asperger syndrom. Åtte samlingar med oppstart 4. januar. Les meir i vedlagt invitasjon!

  • 28.2 onsdag
    Autismespektervanskar / Asperger syndrom - foreldre, Volda

    Opplæring til foreldre/føresette. To kursdagar. Les meir i vedlagt invitasjon!

  • 1.3 torsdag
    Autismespekter / Asperger - foreldre, Ålesund

    Opplæring for foreldre/foresatte til barn med Asperger syndrom som ønsker kunnskap om og forståelse for barnets utfordringer i forhold til sin diagnose. Opplæringen går over to enkeltdager. Mer informasjon i vedlagt invitasjon!

  • 7.3 onsdag
    Starthjelp - foreldre, Ålesund

    Et opplæringstilbud til foreldre som har fått barn med nedsatt funksjonsevne og/eller langvarig sjukdom. Opplæringa går over fire enkeltdager. Mer informasjon i vedlagt invitasjon!

  • 14.3 onsdag
    Eit annleis søskenliv, Ålesund

    Korleis er det å vere søsken til barn som er funksjonshemma og har spesielle behov? Kurset er både for foreldre/nærpersonar og tilsette i ulike sektorar i kommunane. Meir informasjon finn du i vedlagt invitasjon!

  • 11.4 onsdag
    ADHD foreldre, Volda

    Opplæring for foreldre/føresette til barn med ADHD. Les meir i vedlagt invitasjon!

  • 21.11 onsdag
    Rettigheitskurs i Volda og Molde - hausten 2018

    Kva er viktig for meg og familien? Hjelpe- og støtteordningar for barn, ungdom og familien. Målgruppa er ungdom over 16 år og foreldre/føresette til barn/unge i skulealder. Meir informasjon om kurset, samt om påmelding m.v., blir lagt ut seinare.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.