Poliklinikk Volda BUP

Poliklinikken for psykisk helsevern til barn og unge frå 0 til 18 år gir tilbod om førebyggjande arbeid, gjennomføre undersøkingar, gi behandling og råd/vegleiing til personar som har psykiske lidingar eller problem. Våre tilsette har ulik utdannings- og erfaringsbakgrunn og gir tilbod ut frå tverrfagleg teamarbeid. Familien og/eller nettverket til pasienten er ofte knytt til tilbodet som blir gitt.

Les meir om Poliklinikk Volda BUP

Poliklinikk Volda BUP

Vår seksjon dekkjer i hovudsak følgjande kommunar i regionen:  Hareid, Herøy, Ulstein, Ørsta Sande, Vanylven og Volda. Fritt sjukehusval åpner for tilvisingar også frå andre kommunar. Samarbeidet med kommunane er ein svært viktig del av det helskaplege tilbodet som blir gitt til barnet/ungdomen.

Seksjonsleiar: Kari Standal

 

Nyttig informasjon

Vi får tilvist barn og ungdom som kan vere redde, triste eller sinte, strever på skulen eller heime, eller har andre problem som dei treng hjelp til.  Mange gruer seg første gongen dei skal kome til oss, men dei fleste synest etterkvart at det er greit.

Når du kjem hit ønskjer vi å høyre frå deg kva som er vanskeleg, og så prøver vi å finne ut i lag kva vi kan gjere for at du skal få det betre. For å finne ut meir om dette, ønskjer vi også å snakke med foreldra dine og kanskje læraren din. Vi synest også det er viktig å høyre kva du meiner er bra og kva du liker å halde på med på skulen og i fritida.

Ofte gjer vi ulike undersøkingar, og gir deg enkelte oppgåver. Av og til pratar heile familien saman, og av og til pratar barnet/ungdomen åleine med ein av oss.  Nokre barn/ungdomar kan i tillegg ha behov for medisin. Det kan være fordi ein er svært lei seg, har sterk uro i kroppen eller har vanskeleg for å konsentrere seg.

I lag med deg og familien din kan vi samarbeide med skulen, barnehagen, PP-tenesta , lege eller helsesøster.

Vi som jobbar ved psykisk helsevern for barn og unge har teieplikt. Det vil seie at vi ikkje kan gi opplysningar til andre om kva vi får vite om deg eller familien din, uten at dykk gir oss lov til det. Dette vil den du møter her fortelle deg meir om når du kjem.

Ungdom over 16 år kan bli tilvist til oss utan at foreldra treng å bli informert.

Kontakt

Oppmøtestad

Kløvertunvg. 1, Volda
Like ved Volda sjukehus.

Telefon
70 05 85 70
Måndag - fredag kl 08:00 - 15:30
Postadresse

Helse Møre og Romsdal HF
Postboks 1600
6026 Ålesund

Volda sjukehus

Besøksadresse
Kløvertunvegen 1(Google maps)
Telefon
70 05 82 00
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

​Endre/avbestille time

Må du avbestille eller endre time, så ber vi deg ta kontakt med vår ekspedisjon - på telefon. Det er viktig at ringer så snart som råd og seinast innan 24 timar før avtalt time. Unytta timar som ikkje blir varsla vil bli fakturt. Ekspedisjonstida er frå måndag til fredag, kl 08.00 – 15.30.

Besøkstid Volda sjukehus

Besøkstida er kl. 14:00 - 19:00. Vi oppmodar besøkjande om å ta kontakt med den aktuelle avdelinga før besøket. 

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

Parkering

​​​​​Du kan parkere på anviste plassar utanfor sjukehuset


 

Pasienttelefon

​Pasienttelefon

På avdelingane er det telefonar ved alle sengene. Det er også telefonautomatar i alle etasjar.

 

Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Presetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Presetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Spisestader

​Kantina i underetasjen er open for pasientar, pårørande og tilsette. Vi har middagsservering kvar dag frå kl 12.00 - 16.00 i tillegg til litt kioskvarer, krigler, kaker og påsmurt brødmat. Vi har også pålegg og brødmat som du kan smøre sjølv.

Kantina har følgjande opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 08.00 - 16.00
  • Laurdag og søndag: kl 12.00 - 16.00

 

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.

Tilvisingsskjema BUP

ADHD hos barn og unge, Voldahttps://helse-mr.no/behandlinger/adhd-hos-barn-og-unge-voldaADHD hos barn og unge, VoldaAADHD hos barn og ungeADHD hos barn og ungeADHD hos barn og ungeADHD hos barn og unge
Eksponering med responsprevensjon (ERP) for barn og ungdom, Voldahttps://helse-mr.no/behandlinger/eksponering-med-responsprevensjon-erp-for-barn-og-ungdom-voldaEksponering med responsprevensjon (ERP) for barn og ungdom, VoldaEEksponering med responsprevensjon (ERP) - barn og ungeEksponering med responsprevensjon (ERP) - barn og ungeEksponering med responsprevensjon (ERP) - barn og ungeEksponering med responsprevensjon (ERP) - barn og unge
Kognitiv terapi for barn og ungdom, Voldahttps://helse-mr.no/behandlinger/kognitiv-terapi-for-barn-og-ungdom-voldaKognitiv terapi for barn og ungdom, VoldaKKognitiv terapi barn og ungeKognitiv terapi hos barn og ungeKognitiv terapi hos barn og ungeKognitiv terapi barn og unge
Tvangsliding hos barn og ungdom, Voldahttps://helse-mr.no/behandlinger/tvangsliding-hos-barn-og-ungdom-voldaTvangsliding hos barn og ungdom, VoldaTTvangslidelser hos barn og ungeTvangslidelser hos barn og ungeTvangslidelser hos barn og ungeTvangslidelser hos barn og unge

Arrangement

  • 26.09 tysdag
    Rettigheitskurs - til foreldre og ungdom, Ørsta

    Kva er viktig for meg og familien? Hjelpe- og støtteordningar for barn, ungdom og deira familie. For foreldre/føresette til barn og unge i skulealder, og for ungdom over 16 år. Les meir i vedlagt invitasjon!

  • 13.02 tysdag
    Rettigheitskurs - til foreldre og ungdom, Ålesund

    Kva er viktig for meg og familien? Hjelpe og støtteordningar for barn, unge og deira familie med helseutfordringar/funksjonsvanskar. Opplæringa er for foreldre til barn/unge i skulealder, og for ungdom over 16 år. Meir info om kurset kjem seinare.