Ungdomspsykiatrisk sengepost (UPS)

Ungdomspsykiatrisk sengepost (UPS)  har 10 sengeplassar delt på 8 plassar for akutt hjelp og 2 intermediære plassar. Sengeposten er eit tilbod for heile Møre og Romsdal. Aldersgruppa er 12 – 18 år, men det hender også at innleggingar av yngre born og unge kan vere naudsynt. Vi har ei familieleilegheit som kan nyttast når foreldre/pårørande bør vere med.

Les meir om Ungdomspsykiatrisk sengepost (UPS)

Ungdomspsykiatrisk sengepost (UPS)

UPS tek imot pasientar med psykiske lidingar både til frivillig innlegging (§2.1.) og tvungent psykisk helsevern (§3.2 og 3.3) i Psykisk helsevernlova. Vi tek imot pasientar med ulike diagnosar, og kan såleis karakteriserast som ei allmennpsykiatrisk avdeling. Behandlinga blir individuelt retta, der kvar enkelt sitt behov er i fokus gjennom miljøterapeutisk tilnærming og individuell kontakt med behandlar (lege/psykolog). Teamarbeid er basisen i tilbodet på sengeposten.

I arbeidet med observasjon, utgreiing og behandling bruker vi mellom anna:

  • Samtaleterapi
  • Miljøterapi
  • Foreldrearbeid
  • Informasjon
  • Rettleiing
  • Samarbeidsmøte


 

Seksjonsleiar: Merethe Lise Løvik

Akutt hjelp

Innlegging med akutt hjelp (ø.-hjelp) utgjer størsteparten av opphalda her. Fastlegar, legevaktslegar, poliklinikk Ålesund BUP,  poliklinikk Volda BUP, poliklinikk Molde BUP og poliklinikk Kristiansund BUP, er dei som då tar kontakt med oss. Problemstillingane er akutt psykiatriske tilstandar hos barn og unge der innlegging vurderast som naudsynt. Av omsyn til pasientane sin sikkerheit har denne posten låste dører.

Intermediære plassar

Dei intermediære plassane brukast meir fleksibelt. Desse er også tilgjengeleg for ungdomar frå heile fylket.

Behandlarar på poliklinikken/BUP i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund kan søkje pasientar til slik type opphald. Desse planlagde opphalda forutset at ungdomane er heime på permisjon i helgane.

Årsak til innlegging på intermediær post kan vere

  • Overføring av pasientar frå lukka post når tilstanden tilseier det
  • Halv akutt hjelp, der tilstanden ikkje krev låste dører
  • Innleggingar der det er ønskjeleg med ei del-utgreiing/observasjon for klare spørsmålsstillingar/problemstillingar /diagnostisering som eit tillegg til den polikliniske utgreiinga
  • Kortare avgrensa behandlingsintervensjon (f.eks. spiseforstyrring, depresjon, oppstart av medisinering, bytte av medikament (antipsykotika etc.)

Kven er vi

Lege, psykolog og miljøterapeutar (sjukepleiarar, vernepleiarar og barnevernspedagogar). Sekretæren møter du i ekspedisjonen.

UPA-skule

UPS har eige skuletilbod til ungdomane som har opphald over lengre tid. Skulen har eit eige bygg som ligg like ved avdelinga. Lærarane der er knytt til utdanningsavdelinga i fylkeskommunen, og elevane ved skulen har same rettar som alle andre elevar.

Kontakt

Oppmøtestad

Geilebergvegen 18, 6017 Ålesund.
UPA ligg ca 500 meter øst for sjukehuset.
Innkøyring til Geilebergvegen enten frå Borgundvegen (nord) eller Borgundfjordvegen (sør).

Telefon
70 10 67 00
Alle dagar.
Postadresse
Helse Møre og Romsdal HF
Postboks 1600
6026 Ålesund

Ålesund sjukehus

Besøksadresse
Åsehaugen 5(Google maps)
Telefon
70 10 50 00
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

​Aktivitetstid/møte

Kvar dag frå kl 16.30 planlegg vi aktivitetar for dagen/veka. Det skjer anten saman med dei andre ungdomane eller åleine saman med miljøterapeut. Det kan vere aktivitetar på huset som spel, teikning, glasmåling, kortlaging, legobygging og anna av interesse.
Ein kan også reise ut av bygget dersom det er hensiktsmessig. Det kan vere å gå tur, reise på kino, bowling, besøke Atlanterhavsparken, grille om vêret er bra osv.


På dette planmøtet er det også greitt å seie i frå om eventuelt besøk, og avklare dersom det er ulike interesser til kva ein skal sjå på TV.


Det er ønskjeleg at du deltek i aktivitetstida og til dømes ikkje blir sitjande frå klokka fem til åtte om kvelden på rommet med
datamaskina. For at du skal få best mogleg utbytte av opphaldet her, er det viktig at miljøterapeutane får bli kjent med deg.

​Besøk

Vi har ikkje faste besøkstider, så ønskjer du å ta imot besøk, så avtaler du dette med personalet på førehand. Dykk kan saman finne ut kor lenge det skal vare.

​Måltid

Frukost kl 08:00 – 08:30
Lunsj kl 11:30 – 12:00
Middag kl 15:30 – 16:00
Kveldsmat kl 20:00 – 20:30

​Ro i avdelinga

Som regel går du på rommet klokka ti om kvelden. Er det grunn til at du ønskjer å vere oppe lengre, kan dette avklarast med din
hovudkontakt eller med den som har ansvaret for deg på den aktuelle vakta. Om natta er det tre vakne miljøterapeutar som
passer på deg og dei andre som er inne på UPS.

​Samtalar

Kor ofte du går til samtale med behandlingsansvareleg avtalast spesielt for deg saman med din lege eller psykolog.

​Skulen

Ved sidan av sengeposten (UPS) står det eit bygg som blir brukt til skule. Der er det tilrettelagt undervisning for innlagte ungdomar. Undervisningstida er vanlegvis frå kl 08.45 til 14.00, men litt seinare start på måndagar og tidlegare slutt fredagar.

Berre spør!

​Hugs at du alltid kan spørje ein vaksen om hjelp dersom det er noko du ikkje forstår eller treng hjelp til!

Gjennomgang av bagasje

​Når du kjem hit med bagasje vil to miljøterapeutar gå gjennom den saman med deg. Det er fordi vi må passe på at det ikkje er gjenstandar i avdelinga som nokon kan skade seg på. Foreldre/ føresette kan gjerne vere med.

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

Mobiltelefon/telefontid

​Når du er på UPS ønskjer vi at merksemda skal vere retta mot å arbeide med seg sjølv og si betring. Difor har vi avgrensa telefon-bruken. Mobiltelefon og data skal som regel oppbevarast på ditt rom, men blir teke hand om av personalet i tidsrommet frå kl
22.30 og fram til neste morgon. Ein kan ikkje ta bilete av andre pasientar eller personalet, eller vere på skype når andre er tilstades.

Parkering

​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet. Betaling pr. time kontant eller bankkort.

Kart over sjukehusområdet, inkludert informasjon om parkering.

Biletet er klikkbart og gir større versjon (pdf).

 

Pasienthotellet

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Retten til å klage

​Du eller dine næraste har rett til å klage dersom dykk meiner at den hjelpa du får er feil eller ikkje er god nok. Personalet er pliktig
til å hjelpe til med klagen, så du må gjerne ta kontakt. Det er to måtar å klage på:

  1. Kontrollkommisjonen: Alle sjukehus ha ein kontrollkommisjon som skal føre tilsyn med at pasientane har det bra under innlegging. Dei har eit spesielt ansvar for den som er innlagt utan samtykke. Kommisjonen kjem jamnleg på besøk til UPS og du kan sjølv ta kontakt ved behov.
  2. Fylkeslegen: Behandlar klager som gjeld alle sider ved helsehjelpa. Oppgåva til fylkeslegen er å føre tilsyn med at alle lover og reglar blir fulgt for helseinstitu-sjonar og
    helsepersonell i fylket, og at hjelpa er forsvarleg.

Røyking

​Dersom du skal røyke må du ha skriftleg løyve frå dine næraste. Vi anbefaler å spise før ein tek den første røyken. Røyk og lighter blir oppbevart av personalet når det ikkje er ibruk. Den siste røyken må takast før kl 21.30.

Sjukehusapoteket i Ålesund

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.