Neonatal intensiv

Neonatal intensiv seksjon (nyføddmedisin) har 13 behandlingsplassar. Fire av desse er høgintensive (internasjonalt: nivå III) med alle typar avansert respiratorbehandling, kjølebehandling (terapeutisk hypotermi) og anna intensivbehandling etter internasjonal standard, tilsvarande det norske regionsjukehus har.

Les meir om Neonatal intensiv

Neonatal intensiv

Vi tar imot premature uavhengig av svangerskapslengde og fødselsvekt, sjuke nyfødde og spedborn inntil 3 månaders alder. Primært skal seksjonen dekke Møre og Romsdal, men ved behov behandlar vi også pasientar frå andre fylke, mellom anna frå Sogn og Fjordane.

Dei minste pasientane kan ha behov for å liggje fleire månader i seksjonen, mange fullborne treng ofte berre nokre timar med observasjon.

Ved seksjonen er det tilsett sjukepleiarar og legar. Dei fleste sjukepleiarane har spesialkompetanse innan nyføddmedisin. Dei fire overlegane har også spesialutdanning i nyføddmedisin.

Alle barn får tildelt kontaktsjukepleiar og fast ansvarleg overlege i løpet av dei første dagane etter innkomst. Overlegen følgjer opp barnet under heile opphaldet og vidare på poliklinikken. For tidleg fødde barn blir følgde opp i inntil 6 år.

NIDCAP

Det som er spesielt for nyføddseksjonen i Ålesund, er at vi arbeidar fast etter NIDCAP- prinsippet. Dette inneber at barna vert skjerma mot alle former for stress. Samtidig observerer vi kontinuerleg signal om barna si modning og dermed aukande toleranse overfor utfordringane i stell og behandling.

Vi meiner foreldra er barna/pasientane sine viktigaste omsorgspersonar. Dei blir difor så tidleg som mogleg inkludert i pleie og stell og har tilgang til barna døgnet rundt. Nødvendige undersøkingar, for eksempel ultralyd, blir tilpassa barna sin aktuelle tilstand og toleranse heller enn personalet sin tidsplan. Dette gir betre langtidsresultat enn standard pleie.

Søvn

På søvnlaboratoriet, ”Polysomnografi”, vert søvnrelaterte problemstillingar undersøkt. Dette gjeld mellom anna søvnvanskar, uregelmessig pusting, snorking, spørsmål om fjerning av mandlar og påfallende rørslemønster under søvn.

Rom

Vi har eit luftsmitte isolat-rom og fire foreldre/barn soverom i seksjonen. 

Seksjonsleiar

Karin Sørland.

Strikkar for små liv from Helse Møre og Romsdal on Vimeo.

Kontakt

Oppmøtestad
Neonatal intensiv er ein del av Barne- og ungdomsavdelinga og vi held til i eige bygg like ved hovudinngangen til Ålesund sjukehus.
Telefon
70 16 76 00
Alle dagar.
Postadresse
Helse Møre og Romsdal HF
Postboks 1600
6026 Ålesund
Ålesund sjukehus
Besøksadresse
Åsehaugen 5(Google maps)
Telefon
70 10 50 00
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Parkering

​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet. Betaling pr. time kontant eller bankkort.

Kart over sjukehusområdet, inkludert informasjon om parkering.

Biletet er klikkbart og gir større versjon (pdf).

 

Pasienthotellet

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Sjukehusapoteket i Ålesund

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.