Mjølkebanken ved Ålesund sjukehus

Mjølkebanken forsyner for tidleg fødde og sjuke barn. Morsmjølk er det beste dei kan få, med tanke på å hindre infeksjonar og styrke immunforsvaret. Denne mjølka er unikt tilpassa stoffskiftet og tarmane til det nyfødde barnet. 

Har du mykje mjølk og ønskjer å gi til mjølkebanken? 

Kontakt oss på telefon 70 16 76 15 / 70 16 76 01  
E-post
kari.waage.haugen@helse-mr.no og mona.ronning.svarstad@helse-mr.no

Illustrasjonsbilde. Ønskjer du å gi mjølk til mjølkebanken?  

Hos nesten alle premature startar vi opp med mjølk frå banken det første døgnet. Det er lang tradisjon for å gi morsmjølk eller bankmjølk til sjuke nyfødde og premature barn.

Det er av stor betyding at bankmjølk er tilgjengeleg, særleg til for tidleg fødde og sjuke barn, viss mor ikkje har kome i gang med ammingen/pumping av mjølk, eller at ho ikkje kan eller vil amme.

​  Kven kan ​gi mjølk og korleis skal du gå fram?  

  • Krava til ein morsmjølksgivar er tilnærma lik krava som vert stilt til blodgivarar. Den som gir mjølk skal ikkje vete kven som mottar mjølka, og mottakaren skal ikkje vete kven som har gitt mjølka. Morsmjølkbanken har likevel ei slik oversikt, og kan spore mjølka frå givar til mottakar og omvendt.
  • Kvinner som røyker, snusar eller bruker medsinar/naturmedisinar får ikkje gi mjølk.​
  • Du som leverer morsmjølk får ikkje betalt for sjølve mjølka, men dei som ønskjer det kan få ei godtgjerdsle for jobben. Ved Ålesund sjukehus ligg prisen på 150 kroner pr liter.
  • Du pumper deg heime, fryser ned mjølka etterkvart og leverer ved behov eller etter produksjonsmengde

Rutinar ved mjølkebanken

  • Mjølka blir bakteriologisk testa
  • All mjølk blir brukt innan seks månader
  • Vi har strenge hygieniske reglar for alle rutinane ved mjølkebanken