Poliklinikk og dagbehandling for barn og unge i Ålesund

Poliklinikk og dagbehandling for barn og unge følgjer barn i alderen 0–18 år med ulike sjukdomar. Vi har hovudsakleg ansvaret for barn frå Sunnmøre og kommunane Vestnes og Rauma, men tek imot pasientar frå heile fylket ved behov.  I tillegg har vi poliklinikk ved Molde sjukehus for pasientar i molderegionen. For enkelte sjukdomskategoriar har vi fylkesfunksjon.

Les meir om Poliklinikk og dagbehandling for barn og unge i Ålesund

Poliklinikk og dagbehandling for barn og unge i Ålesund

Utgreiing og behandling av pasientar skjer i dag i stadig større grad gjennom poliklinisk verksemd. Ved våre poliklinikkar følgjer vi i utgangspunktet pasientar med dei fleste problemstillingar og diagnosar, i enkelte tilfelle i samarbeid med andre avdelingar/sjukehus. Vår hovudaktivitet er ved poliklinikken i Ålesund, men vi har også poliklinikktilbod ved Molde sjukehus.

Vi mottek tilvisingar både fra allmennlegar og sjukehuslegar. Ved samansette problemstillingar med behov for tverrfagleg tilnærming, vurderer vi ofte pasientane ved barnehabiliteringa. Avhengig av sjukehistorie, symptom, klinisk undersøking og mistenkt diagnose, kan ei rad supplerande undersøkingar vere aktuelle. Hovudtyngda av pasientane er innan kategoriane astma og allergi, hjartelidingar, kreft, endokrine sjukdomar, mage-tarm-sjukdomar, urinvegslidingar, revmatiske sjukdomar, nyføddmedisin og infeksjonssjukdomar. Tilstandane kan vere medfødde eller erverva.

Temadagar

Barnepolklinikken arrangerar temadagar og samlingar for barn med ulike sjukdomar. Somme er for pasientar åleine, andre også for foreldre/pårørande. Vi har til dømes eigne temadagar for barn med cøliaki eller astma, og samlingar for barn med diabetes, cystisk fibrose og hjertesjukdomar, samt prematurt fødde. Vi set fokus på god opplæring og rettleiing av både pasientar og pårørande.

Undersøkingar

  • Bodybox/pletysmografi

  • Bronkial provokasjonstest

  • CT

  • EKG - Elektrokardiografi

  • Ekkokardiografi

  • Fruktosebelastning (fruktsukkerbelastning)

  • Gastroscopi

  • Kolonoscopi

  • Laktosebelastning (mjølkesukkerbelastning)

  • MR

  • MUCG (refluksundersøkelse)

  • Nyrescintigrafi - DMSA

  • Prikktest

  • Renografi - DTPA

  • Røntgen colon (tjukktarm) med kontrast

  • Røntgen generelt

  • Scintigrafi

  • Spirometri

  • Tredemølletest

  • Ultralyd generelt

  • Urinprøve

Seksjonsleiar

Astrid Kroken.

Kontakt

Oppmøtestad

Poliklinikken og dagbehandling er ein del av Barne- og ungdomsavdelinga, og held til i eige bygg like ved hovudinngangen til Ålesund sjukehus.

Poliklinikken i Molde held til i 2. etasje ved Molde sjukehus.

Telefon
Ålesund: 70 16 75 50 - Molde: 71 12 15 45
Måndag - fredag kl 08:00 - 15:30
Postadresse
Helse Møre og Romsdal HF
Postboks 1600
6026 Ålesund
Ålesund sjukehus
Besøksadresse
Åsehaugen 5(Google maps)
Telefon
70 10 50 00
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

​Endre/avbestille time

Må du avbestille eller endre time, så ber vi deg ta kontakt med vår ekspedisjon - på telefon. Det er viktig at ringer så snart som råd og seinast innan 24 timar før avtalt time. Unytta timar som ikkje blir varsla vil bli fakturt. Ekspedisjonstida er frå måndag til fredag, kl 08.00 – 15.30.

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Parkering

​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet. Betaling pr. time kontant eller bankkort.

Kart over sjukehusområdet, inkludert informasjon om parkering.

Biletet er klikkbart og gir større versjon (pdf).

 

Pasienthotellet

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Sjukehusapoteket i Ålesund

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.

Allergi hos barn og unge, Ålesundhttps://helse-mr.no/behandlinger/allergi-hos-barn-og-unge-alesundAllergi hos barn og unge, ÅlesundAAllergi hos barn og ungeAllergi hos barn og ungeAllergi hos barn og ungeAllergi hos barn og unge
Allergivaksinering av barn og ungdom, Ålesundhttps://helse-mr.no/behandlinger/allergivaksinering-av-barn-og-ungdom-alesundAllergivaksinering av barn og ungdom, ÅlesundAAllergi - vaksinering av barn og ungeAllergi - vaksinering av barn og ungeAllergi - vaksinering av barn og ungeAllergi - vaksinering av barn og unge
EIA-test, Ålesundhttps://helse-mr.no/behandlinger/eia-test-alesundEIA-test, ÅlesundEEIA-testEIA-testEIA-testEIA-test
FeNO-test, Ålesundhttps://helse-mr.no/behandlinger/feno-test-alesundFeNO-test, ÅlesundFFENO-testFENO-testFENO-testFENO-test
Lungesjukdomar hos barn og unge, Ålesundhttps://helse-mr.no/behandlinger/lungesjukdomar-hos-barn-og-unge-alesundLungesjukdomar hos barn og unge, ÅlesundLLungesykdommer hos barn og ungeLungesykdommer hos barn og ungeLungesykdommer hos barn og ungeLungesykdommer hos barn og unge
Matvareprovokasjon, Ålesundhttps://helse-mr.no/behandlinger/matvareprovokasjon-alesundMatvareprovokasjon, ÅlesundMMatvareprovokasjonMatvareprovokasjonMatvareprovokasjonMatvareprovokasjon
Medikamentprovokasjon for barn og unge, Ålesundhttps://helse-mr.no/behandlinger/medikamentprovokasjon-for-barn-og-unge-alesundMedikamentprovokasjon for barn og unge, ÅlesundMMedikamentprovokasjonMedikamentprovokasjonMedikamentprovokasjonMedikamentprovokasjon
Metakolintest for barn og unge, Ålesundhttps://helse-mr.no/behandlinger/metakolintest-for-barn-og-unge-alesundMetakolintest for barn og unge, ÅlesundMMetakolintest for barn og ungeMetakolintest for barn og ungeMetakolintest for barn og ungeMetakolintest for barn og unge
Prikktest (allergitest) hos barn og ungdom, Ålesundhttps://helse-mr.no/behandlinger/prikktest-allergitest-hos-barn-og-ungdom-alesundPrikktest (allergitest) hos barn og ungdom, ÅlesundPAllergi - prikktestAllergi - prikktestAllergi - prikktestAllergi - prikktest
Slimanalyse hos barn og ungdom, Ålesundhttps://helse-mr.no/behandlinger/slimanalyse-hos-barn-og-ungdom-alesundSlimanalyse hos barn og ungdom, ÅlesundSSlimanalyse hos barn og unge (sputumprøve)Slimanalyse hos barn og unge (sputumprøve)Slimanalyse hos barn og unge (sputumprøve)Slimanalyse hos barn og unge (sputumprøve)
Spirometri for barn og ungdom, Ålesundhttps://helse-mr.no/behandlinger/spirometri-for-barn-og-ungdom-alesundSpirometri for barn og ungdom, ÅlesundSSpirometriSpirometriSpirometriSpirometri
Sveittetest, Ålesundhttps://helse-mr.no/behandlinger/sveittetest-alesundSveittetest, ÅlesundSSvettetestSvettetestSvettetestSvettetest

Arrangement

  • Cøliakiskole - i Ålesund

    Målgruppe: Barn frå skulealder, foresatte, besteforeldre, andre nære påørende, skule-/SFO-/barnehagepersonale.

  • Eksemskule i Ålesund

    Målgruppe: Foreldre, besteforeldre, tilsette i barnehage og skule.

  • Astmaskulen - Ålesund

    Målgruppe: Foreldre, besteforeldre, tanter/onkler, tilsette i barnehage, SFO eller skule. Berre for vaksne.

  • Revmatologi - Ålesund

    Målgruppe: Temadag for foreldre/foresatte, og barn frå ca 13 år.

Barn og unge, poliklinikk Moldehttps://helse-mr.no/avdelinger/klinikk-for-barn-og-unge/barne-og-ungdomsavdelinga-alesund/poliklinikk-og-dagbehandling-for-barn-og-unge-alesund/poliklinikk-for-barn-og-unge-moldeBarn og unge, poliklinikk Molde