Barn og unge, poliklinikk Molde

Poliklinikken ved Molde sjukehus gir tilbod til barn og unge i alderen 0-18 år med ulike sjukdomar, og dekkjer i hovudsak pasientar frå molderegionen. Poliklinikken er ein del av Barne- og ungdomsavdelinga i Ålesund.

Les meir om Barn og unge, poliklinikk Molde

Barn og unge, poliklinikk Molde

Utgreiing og behandling av pasientar skjer i dag i stadig større grad gjennom poliklinisk verksemd. Ved våre poliklinikkar følgjer vi i utgangspunktet pasientar med dei fleste problemstillingar og diagnosar, i enkelte tilfelle i samarbeid med andre avdelingar/sjukehus.

Vi mottek tilvisingar både fra allmennlegar og sjukehuslegar. Ved samansette problemstillingar med behov for tverrfagleg tilnærming, vurderer vi ofte pasientane ved barnehabiliteringa. Avhengig av sjukehistorie, symptom, klinisk undersøking og mistenkt diagnose, kan ei rad supplerande undersøkingar vere aktuelle. Hovudtyngda av pasientane er innan kategoriane astma og allergi, hjartelidingar, kreft, endokrine sjukdomar, mage-tarm-sjukdomar, urinvegslidingar, revmatiske sjukdomar, nyføddmedisin og infeksjonssjukdomar. Tilstandane kan vere medfødde eller erverva.

Kontakt

Oppmøtestad
Poliklinikken i Molde held til i 2. etasje ved Molde sjukehus.
Telefon
Molde: 71 12 15 45 - Ålesund: 70 16 75 50
Måndag - fredag kl 08:00 - 15:30
Postadresse

Helse Møre og Romsdal HF
Postboks 1600
6026 Ålesund

Praktisk informasjon

Besøkstid Molde sjukehus

Besøkstidene er på dei fleste avdelingene kl. 14:30 - 15:30 og kl. 19:00 - 19:30. Vi vil oppmode besøkjande om å ta kontakt med den aktuelle avdelinga før pasientbesøket.

Har du andre spørsmål om besøkstider, kontakt den sengeposten det gjeld eller Helse Møre og Romsdal sitt sentralbord, tlf. 71 12 00 00

 

Spisestader

​Kantina i sokkeletasjen (aust) er open for pasientar, pårørande og tilsette.

Kantina har følgjande opningstider:

  • Måndag til fredag: 09.00 - 15.30
  • Laurdag og søndag: stengt

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Sjukehusapoteket i Molde

Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Presetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Presetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.