Medisinsk biokjemi Ålesund

Avdeling for medisinsk biokjemi tilbyr tenester innan klinisk kjemi, hematologi/koagulasjon og blodbank. Her blir prøver både frå sjukehuset og primærhelsetenesta analyserte.


Les meir om Medisinsk biokjemi Ålesund

Medisinsk biokjemi Ålesund

Opningstider for poliklinisk prøvetaking er måndag - fredag kl. 07:30 - 15:00.

Ver merksam på at poliklinisk prøvetaking etter kl. 15:00 må avtalast spesielt av rekvirerande lege på førehand. 

Viss det må takast blodprøve etter kl. 15:00, må ein dessverre rekne med noko ventetid. Bioingeniør på vakt kan vere opptatt med prøvetaking og analysering knytta til akutthjelp.

 Norsk akkreditering TEST 183

Akkreditering

86 prosent av analysevolumet, prøvetaking og dei fleste funksjonane ved blodbanken er akkreditert etter standarden NS-EN ISO 15189.
Denne standarden stiller spesifikke krav til laboratoriet si leiing, personale, opplæring, internrevisjon, prosedyrar, arkivering og tilgjenge.

Laboratoriets akkrediteringsomfang er tilgjengeleg hos Norsk Akkreditering

Lab handbok

Lab handbok for medisinsk biokjemi

Analyseliste
Analytisk variasjon Ålesund

Ringegrenser

Blodbanken i Ålesund

Blodbanken ved Ålesund Sjukehus

Rekvisisjonar og prøvetakingsutstyr


Glas til spesialanalysar kan ein bestille ved å ta kontakt med Avdeling for medisinsk biokjemi
Telefon:  70 10 56 00

Rekvisita og rekvisisjonar

Vi tilbyr våre rekvirentar elektronisk bestilling av prøvetakingsutstyr og rekvisisjonar, ved å fylle ut skjema og sende til oss.
Vi gjer merksam på at vi leverer gratis utstyr på vilkår av at prøvene vert rekvirerte og sende til laboratoria i Helse Møre og Romsdal.

Bestilling av prøvetakingsutstyr og rekvisisjonar, medisinsk biokjemi Ålesund.

Samla bestilling av prøvetakingsutstyr og rekvisisjonar, alle laboratoriefag

Informasjon frå laboratoriet

Nyare utgåver ligg under avdelingssida for medisinsk biokjemi
Nr. 15/2016 Restandardisering folat
Nr. 14/2015 Overgang til nye metodar (november 2015)
Nr. 13/2015 NT-proBNP (november 2015)
Nr. 12/2015 hs Troponin T (november 2015)
Nr. 11/2015 CDT (september 2015)
Nr. 8/2015 eGDR (CKD-EPI) (Mai 2015)
Nr. 6/2015 Ny enhet IGF-1 (April 2015)
Nr. 4/2015 CA 19-9 (Mars 2015)
Nr. 3/2015 Makroprolaktin (Mars 2015)
Nr. 16/2014 Protein S (fritt) (Desember 2014)
Nr. 14/2014 Veksthormon, IGF-1 og IGFBP-3 (September 2014)
Nr. 7/2014 Tobramycin (Mai 2014)

Om oss

Medisinsk biokjemi Ålesund

Seksjonsleiar Marie Nora Roald
marie.nora.roald@helse-mr.no


Ulike fagområde ved avdelinga

Blodbanken - Fagbioingeniør Bodil Stige
bodil.stige@helse-mr.no

Hematologi/koagulasjon - Fagbioingeniør Rigmor Søvik
rigmor.sovik@helse-mr.no

Klinisk kjemi - Fagbioingeniør Astrid Lied
astrid.lied@helse-mr.no

Hormon/protein/allergi - Fagbioingeniør Siw Berbu
siw.berbu@helse-mr.no

Service - Fagbioingeniør Beate Eikrem Haugstvedt
beate.eikrem.haugstvedt@helse-mr.no

Lab ekspedisjon - Kontorfagleg koordinator Asbjørg Sunde Rinnan
asbjorg.sunde.rinnan@helse-mr.no

 

Kontakt

Oppmøtestad
Vi har poliklinikk i 1. etasje. Følg skilting til "Blodprøver/blodprøvetaking".
Besøkstider
måndag Kl. 07.30 - 15.00
tysdag Kl. 07.30 - 21.00
onsdag - fredag Kl. 07.30 - 15.00
Telefon
70105600
måndag - fredag 07.15 - 14.45
E-post
Postadresse
Helse Møre og Romsdal HF
Postboks 1600
6026 Ålesund
Ålesund sjukehus
Besøksadresse
Åsehaugen 5(Google maps)
Telefon
70105000
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

Barn som pårørande

​Barn og unge blir påverka når nokon i familen blir sjuke. Dei treng å forstå kva som skjer. Vi på sjukehuset skal bidra til at barn og ungdom blir tatt godt vare på i slike situasjonar. 

Les om kva vi gjer for barn og ungdom som er pårørande

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Kart og parkering

​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet. Betaling pr. time kontant eller bankkort.

Kart over sjukehusområdet, inkludert informasjon om parkering.

Biletet er klikkbart og gir større versjon (pdf).

 

Pasienthotellet

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon om pasientreiser finn du på helsenorge.no

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Servicetorget

​Du finn oss i hovudvestibylen. Ta kontakt med oss om du treng vegskildring til avdelinga du skal besøke, om du har behov for å betale poliklinikk-timen din kontant, hjelp til å bestille drosje, eller andre serviceoppgåver.

Opningstid

07.30–15.30

Sjukehusapoteket i Ålesund

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Spisestader

Kantina

Kantina finn du i 1. etasje, og den er open for pasientar, pårørande og tilsette. 

Opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 09.00 - 15.00
  • Helg og høgtid: stengt
Kafe Nord
Kafe ved poliklinikk-inngangen på nordsida av sjukehuset.

Opningstider:
  • Måndag til fredag: 09.00 - 15.00
  • Helg og høgtid: stengt

Kiosk Syd
Kiosk med grillmeny. Du finn den ved hovudvestibylen. 

Opningstider:
  • Måndag til fredag: 09.00 - 18.00
  • Laurdag: 11.00 - 17.00
  • Søndag: 10.00 - 18.00



Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.

Arteriell blodgass Ålesundhttps://helse-mr.no/behandlinger/arteriell-blodgass-alesundArteriell blodgass ÅlesundAArteriell blodgassArteriell blodgassArteriell blodgassArteriell blodgassEMPTY
Blodgiving Ålesundhttps://helse-mr.no/behandlinger/blodgiving-alesundBlodgiving ÅlesundBBlodgivingBlodgivingBlodgivingBlodgivingEMPTY
Blodprøve Ålesundhttps://helse-mr.no/behandlinger/blodprove-alesundBlodprøve ÅlesundBBlodprøveBlodprøveBlodprøveBlodprøveEMPTY

Blodbanken Ålesundhttps://helse-mr.no/avdelinger/klinikk-for-diagnostikk/avdeling-for-medisinsk-biokjemi/medisinsk-biokjemi-alesund/blodbanken-alesundBlodbanken ÅlesundBlodbanken i Ålesund har om lag 4000 tappingar i året, fordelt på 1700 aktive blodgivarar. Vi treng minimum 200 nye blodgivarar årleg. Blodgiving er frivillig og ein får inga betaling, men ei lita gåve som takk for hjelpa. AFERESE Blodbanke...

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.