Ny rekvisisjon til Avdeling for medisinsk mikrobiologi, Molde

Informasjon til våre rekvirentar

Det er utarbeida ny rekvisisjon for Mikrobiologi Molde. Endringane i den nye rekvisisjonen skuldast endringar i analyserepertoar og ønske om presis informasjon om klinikk og prøvemateriale for best mogeleg diagnostikk.

Den nye rekvisisjonen må tilpassast kvar rekvirent sine datasystem/skrivarar.

Vi ber om at de tar i bruk den nye rekvisisjonen så snart som mogeleg og kastar det de eventuelt har av tidlegare versjonar.

Alle prøver som blir sendt til laboratoriet må vere riktig merka på riktig prøvetakingsutstyr (bestillast hos oss). Riktig prøvetakingsutstyr for kvar analyse er oppdatert på den nye rekvisisjonen, men ver merksam på følgjande:

  • Gastroenteritt: Blir levert rutinemessig på FS-FecalSwab. ES-ESwab skal kun brukast unntaksvis dersom ein ikkje har tilgang på FS.
  • Atypisk pneumoni: Blir levert rutinemessig på ES - Eswab/Transwab. SG- sterilt glas skal kun brukast dersom det ikke lykkast å ta prøve med E-swab.

Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål rundt ny rekvisisjon og korrekt utfylling.

Tlf.: 71 12 21 10 
E-post: mikromolde@helse-mr.no

Vi oppmodar alle våre rekvirentar til å gjere seg kjend med brukerhandboka på våre nettsider. Her finn de meir detaljert info.


Gjeldande ny rekvisisjon finn du her