Avdeling for patologi, seksjon Ålesund

Laboratoriet utfører diagnostikk av sjukdommar ved analyse av celle- og vevsprøver. Ein stor del av arbeidet er kreftdiagnostikk.

Les meir om Avdeling for patologi, seksjon Ålesund

Avdeling for patologi, seksjon Ålesund

Tenestene våre

Prøvetakingsutstyr og rekvisisjonar

Vi tilbyr våre rekvirentar elektronisk bestilling av prøvetakingsutstyr og rekvisisjonar, ved å fylle ut skjema og sende til oss.

Vi gjer merksam på at vi leverer gratis utstyr på vilkår av at prøvene vert rekvirerte og sende til laboratoria i Helse Møre og Romsdal.

Bestilling av prøvetakingsutstyr

Samla bestilling av prøvetakingutstyr og rekvisisjonar, alle laboratoriefag.

Remisse/rekvisisjon til histologi
Remisse/rekvisisjon til cytologi
Reservasjonsskjema
Remisse/rekvisisjon til obduksjon

Om oss

Avdelinga dekker heile sunmørsregionen med omsyn til patologisk diagnostikk. Vi satsar på høg kvalitet og produktivitet i vårt arbeid.

Avdelingssjef Bjørn Westre
bjorn.westre@helse-mr.no

Seksjonsleiar Hilde Guttormsen
hilde.guttormsen@helse-mr.no

Kontorleiar/preparant Astri Molnes
astri.s.molnes@helse-mr.no

Kontakt

Oppmøtestad
For besøkende:
Avdeling for patologi finn du i 2. etasje over sjukehusapoteket.
Bruk poliklinikk-inngangen på nordsida av sjukehuset.
Telefon
Resepsjonen: 70 10 66 21 Cytologi: 70 10 66 32 Histologi: 70 10 66 33
måndag - fredag 08:00 - 15:30
Opningstid mandag - fredag kl. 08:00 - 15:30
E-post
Postadresse
Helse Møre og Romsdal HF
Postboks 1600
6026 Ålesund
Ålesund sjukehus
Besøksadresse
Åsehaugen 5(Google maps)
Telefon
70 10 50 00
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

Parkering

​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet. Betaling pr. time kontant eller bankkort.

Kart over sjukehusområdet, inkludert informasjon om parkering.

Biletet er klikkbart og gir større versjon (pdf).

 

Pasienthotellet

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Sjukehusapoteket i Ålesund

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.