Direktoratet for strålevern og atomtrygging (DSA) gjennomførte våren 2021 tilsyn ved nukleærseksjonane i Molde og Ålesund. Det vart avdekt fleire avvik i Molde som hadde vore særs kostbare og lite formålstenlege å utbetre i dagens sjukehusbygg. I tillegg er det medisinsktekniske utstyret i ferd med å bli utdatert. DSA har sett frist 1.12.2021 for å lukke avvika eller avvikla nukleærmedisin i Molde.
Talet på nukleærundersøkingar i Møre og Romsdal har avtatt med om lag 37% frå 2015 til 2020.

Klinikksjef Per Erik Tødenes
– Det er ca 250 pasientar som har fått ei slik undersøking ved Molde sjukehus i 2020. Når vi ser på kapasitet er det tilstrekkeleg med ei maskin i fylket, fortel klinikksjef for diagnostikk, Per Erik Tødenes. Helse Møre og Romsdal har gjennomført ein tversgående risiko og sårbarheitsanalyse for samlokaliseringa for å sikre ei trygg og god oppfølging av pasientane.
– Vi vil i åra framover følge utviklinga av det nukleærmedisinske tilbodet sett opp mot behov for tenesta og ut frå dette vurdere kapasitet. Vi ser ikkje vekk frå eit framtidig tilbod i SNR dersom utviklinga tilseier det, avsluttar klinikksjefen.