Feira fullført utdanning i MR-avbilding

Radiografane Marianne Høybakk Almås og Fredrik Granlien ved Avdeling for radiologi Ålesund og Volda,  seksjon Ålesund har begge nyleg fullført sine mastergrader i MR-avbildning ved NTNU. Prosjekta blei gjort på data frå ei stor pågåande forskingsstudie, COBRA-studien, og studieresultata gir positive ringverknader i seksjonen.

- Vi er stolte, både over resultatet, energien og motivasjonen i studiet. Dei fullførte med stil, fortel seksjonsleiar Eivind Johan Stavang, som nyleg har gjort stas på dei to. I god koronastil vart feiringa digital, mens jubilantane fekk overrekt gåve i eit romsleg auditorium.

- Arbeidet til Marianne og Fredrik er med på å auke det faglege nivået i avdelinga, og bidreg til å få innført nye metodar i pasientbehandlinga, fortel Stavang vidare.  

Foto: Rettleiar og radiografer etter overrekinga av gåver.

Gåvene vart overrekt av Solveig Roth Hoff som også var stolt rettleiar for dei to i studiet.

Har funne normalverdiane for T1- og T2-tid for hjertemuskel

Marianne Høybakk Almås og Fredrik Granlien har i sine masteroppgåver fått tilgang på eit stort materiale frå COBRA-studien som er eit samarbeidsprosjekt mellom Helse Møre og Romsdal, St. Olavs Hospital og NTNU. Deltakarane i studien har venstresidig brystkreft, og her får dei blant anna undersøkt hjartet med MR tre gongar.
– MR-undersøkingar består av fleire sekvensar, også det som blir kalla T1- og T2-mapping. Mapping er ein forholdsvis ny og kvantitativ teknikk der ein måler hjartemuskelen si T1 og T2-tid. Ved sjukdom i hjartemuskelen endrar vevsamansetninga- og dermed også T1- og T2-tida seg. For å kunne påvise ei endring, må ein ha ein normalverdi/referanseverdi å samanlikne med. Normalverdien er unik for kvar MR-maskin og kan difor ikkje hentast frå litteraturen. Det er desse normalverdiane vi har funne for den MR maskina vi brukar til  hjarteundersøkingar i Ålesund, eg for T1-tid og Fredrik for T2-tid, forklarer Almås.

Auka kvalitet på tolkinga av MR-undersøking

Gjennom masteroppgåvene fekk Almås og Granlien moglegheit til å lage eit referansemateriell frå hjartefriske pasientar, og i tillegg til å kunne bruke dette ved analysar i COBRA-studien, opnar det for å bruke mappingteknikken ved kliniske undersøkingar av hjartet.
– Dette gir radiologane fleire diagnostiske verktøy når dei skal vurdere om det er sjukdom i hjartet, fortel Marianne Høybakk Almås, og legg til at ved å samanlikne tal frå pasientar med mistenkt hjartesjukdom opp mot talmateriale frå studiane, kan radiologane få ei tilleggsvurdering som kan auke kvaliteten i tolkinga av ei MR-hjarteundersøking. 

Betre for fleire pasientar

Almås fortel vidare at mappingteknikken kan brukast utan intravenøs kontrastvæske, noko som er bra for pasientar som av ulike årsaker ikkje kan få kontrastvæske.
– Motivasjonen for studiane våre har i stor grad kome av utbyttet dette kan ha for pasientane. Og når resultatet viser at det kan auke kvaliteten på tolkinga og opne for at fleire kan få denne undersøkinga, er det svært gledeleg for oss, avsluttar Marianne Høybakk Almås.