Etter overgang til nytt laboratoriedatasystem har regionen gått over til å bruke HER-id som rekvirentkode. Denne er unik for kvar rekvirent, og legar som har arbeidsstad fleire stader kan vere tilknytt fleire HER-id-ar. Vi vil gjerne ha oppgitt både rett HER-id og namn på rekvirent på papirrekvisisjonane våre.
Sjukeheimar, heimeteneste, jordmorteneste og andre helsetenester er som regel knytt opp via eiga kommune, med eigen HER-id. Vi minner om at når ein sjukeheim har tilsynslege som skal bestille prøvene, skal ein ikkje oppgi legen sin HER-id, då denne er knytt til eit legekontor. Pass på at det er sjukeheimen sin HER-id som står som rekvirent og oppgi legen sitt namn og HER-id som kopirekvirent om det er ønskeleg at legen skal få svar direkte.
Rett HER-id finn du ved å søke i Adresseregisteret Norsk Helsenett: https://register.nhn.no/ar
For å få opp denne lenken må du bruke nettleser Microsoft Edge, Google Chrome eller Firefox.
Nettleser Internet Explorer støttes ikke lenger av Grunndata registerportal.