Kontinuerlig arbeid for å yte gode tenester for pasient og rekvirent.

BIOPOSTEN

Pasient og rekvirent i fokus.

Laboratorieavdelingane i Helse Møre og Romsdal arbeider kontinuerlig for å yte gode tenester for pasientar og rekvirentar ved sjukehusa og primærhelsetjenesta i fylket.

Vi tar tilbakemeldingar på alvor og vil heile tida forbetre oss på områder der det er mogleg for oss. Medisinsk biokjemi arbeider no med felles analyseoversikt for HMR og håper at dette vil gjere det enklare å få oversikt over kor einskilde prøvar analyserast. Vi har fått ein del tilbakemeldingar om at rør til Kalprotektin bør vere gratis og har frå no fjerna denne eigenbetalinga.    

Vi ber rekvirentar i Møre og Romsdal om å bruke laboratoria i Helse Midt-Norge.
Det er kun når prøver sendast til oss at spesialistane i HMR får opp historikk over eldre analyseresultat. Dette kan ofte vere svært nyttig informasjon for lege og pasient.

Helse Møre og Romsdal betaler kvart år ut million-beløp i såkalla Fylkesdel. Fylkesdel blir generert når poliklinikkar ved sjukehusa eller fastlegar sender prøvar ut av region Midt-Norge for analysering. Fylkesdel blir fakturert føretaket. Det er derfor viktig for økonomien til føretaket at ein primært nyttar det samla analysetilbodet i Helse Midt-Norge.