Ny MR-maskin ved Kristiansund sjukehus

Gladnyheit om styrka pasienttilbod.

Ei ny og etterlengta MR-maskin er på plass ved røntgen, Kristiansund sjukehus.
Maskina vil auke kapasiteten og betre kvaliteten på undersøkingane. Vi får undersøkt fleire pasientar kvar dag og biletekvaliteten er betre og meir nøyaktig.

MR-maskina kan utføre fleire spesialsekvensar som gjer at undersøkinga går raskare.
For enkelte undersøkingar vil behandlingstida halverast. Du ligg på ein tempurmadrass som gjer til at du ligg godt.

Opninga på maskina er 10 cm større enn den gamle maskina, noko som er ein fordel om ein slit med klaustrofobi eller har behov for større plass.

I rommet der undersøkinga blir utført er det "ambient light". Det er ein skjerm som gir opplysningar om tida undersøkinga tek, når du skal halde pusten, kan vise film samt gi ein delikat lysstemning i rommet, som vist på bilete under.

Foto: MR-maskin med delikat lysstemning i rommet.

MR-maskin med delikat lysstemning i rommet.