Pasient og rekvirent i fokus

BIOPOSTEN

Kontinuerlig arbeid for å yte gode tenester for pasient og rekvirent.

​Laboratorieavdelingane i Helse Møre og Romsdal arbeider kontinuerlig for å yte gode tenester for pasientar og rekvirentar ved sjukehusa og primærhelsetjenesta i fylket.

Vi tar tilbakemeldingar på alvor og vil heile tida forbetre oss på områder der det er mogleg for oss.

Vi ber rekvirentar i Møre og Romsdal om å bruke laboratoria i Helse Midt-Norge.

Det er kun når prøver sendast til oss at spesialistane i HMR får opp historikk over eldre analyseresultat. Dette kan ofte vere svært nyttig informasjon for lege og pasient.

Helse Møre og Romsdal betaler kvart år ut million-beløp i såkalla Fylkesdel. Fylkesdel blir generert når poliklinikkar ved sjukehusa eller fastlegar sender prøvar ut av region Midt-Norge for analysering. Fylkesdel blir fakturert føretaket. Det er derfor viktig for økonomien til føretaket at ein primært nyttar det samla analysetilbodet i Helse Midt-Norge.