Akuttmottaket Ålesund

Akuttmottaket ved Ålesund sjukehus mottar dagleg mellom 30 til 50 akutt hjelp-pasientar. Dette utgjer om lag 12. 000 pasientar i året. Pasientane kjem via fastlege/legevakt, eller som akutt hjelp på grunn av akutt sjukdom eller skade. I løpet av opphaldet blir alle pasientar vurderte av sjukepleiar og lege, som startar nødvendig behandling og undersøkingar.

Les meir om Akuttmottaket Ålesund

Akuttmottaket Ålesund

Kort tid etter ein er komen til mottaket blir alle pasientar tatt i mot av ein sjukepleiar for vurdering av hastegrad (triagering) basert på sjukdomsbiletet. Vidare opphaldstid avheng av hastegrad og kor mange pasientar som er i akuttmottaket på det aktuelle tidspunkt.

Triage

Akuttmottaket nyttar eit triagesystem som heter RETTS (Rapid Emergency Triage and Treatment System). Triagesystemet skal sikre at det er dei sjukaste som får legehjelp først når pågangen av pasientar er stor. Alle pasientar blir vurderte og får definert ein hastegrad:

- RAUD
- ORANSJE
- GUL  
- GRØN
- BLÅ

Hastegradsvurderinga baserer seg på symptom og målingar av vitale parameter som pustefrekvens, puls, blodtrykk, temperatur, bevisstheitsnivå m.m., der raude pasientar blir prioriterte først. Viss tilstanden endrar seg i løpet av opphaldet kan hastegraden endrast til meir eller mindre alvorleg.


Avhengig av hastegraden ein får ved triage og generell pågang på sjukehuset kan vidare ventetid til legeundersøking bli frå null minutt til fleire timar. Sjølv om ein opplever lang ventetid er det likevel mange prosessar som blir utførte i denne tida. Vi tar ein del målingar, undersøkingar og blodprøver i ventetida.
På dagar med stor pågang må ein rekne med å tilbringe fleire timar i akuttmottaket.

Pårørande

Ein stor del av pasientane har følge av pårørande når dei kjem til sjukehuset. Pårørande kan vere ein ressurs både for pasienten og personalet, men av omsyn til drifta må vi nokre gongar avgrense talet på pårørande inne hos pasienten. Triageområdet og enkelte behandlingssituasjonar er ikkje eigna for følge av pårørande, og ein må i slike situasjonar ha god dialog med sjukepleiarar frå akuttmottak.

Dei fleste pasientane vil etter undersøkinga i akuttmottak flyttast til sengepostar i sjukehuset. Nokre pasientar blir skrivne ut og/eller vidareformidla til andre behandlingsinstitusjonar.

Legemiddelsamstemming ved Ålesund sjukehus from Helse Møre og Romsdal on Vimeo.


 

Kontakt

Oppmøtestad
Alle former for kontakt med Akuttmottaket skjer via ekspedisjonen i mottaket, som ligg i  U1 - underetasjen.
måndag70 17 27 53
tysdag70 17 27 53
onsdag70 17 27 53
torsdag70 17 27 53
fredag70 17 27 53
laurdag70 17 27 53
sundag70 17 27 53
Postadresse

Helse Møre og Romsdal HF

Postboks: 1600

6026 Ålesund