Anestesiseksjonen Ålesund

Anestesiseksjonen har ansvar for å gi anestesi ved sentraloperasjon, dagkirurgisk avdeling, røntgen/MR/CT, ved ECT-behandling og tannbehandling. Anestesi omfattar narkose, spinal og epidural bedøving, i tillegg til andre regionale blokadar og lokalbedøving.

Les meir om Anestesiseksjonen Ålesund

Anestesiseksjonen Ålesund

Ved anestesiseksjonen har alle sjukepleiarar vidareutdanning i anestesi. Vi er ei stolt, aktiv avdeling med høgt tempo og stor fagleg tyngde.

Vi er opptatt av kvalitetssikring i alle ledd med oppdaterte prosedyrar, simulering og undervising, både praktisk og teoretisk. Avdelinga er del av det nasjonale pasientsikkerheitsprogrammet og gjennomfører sjekklista "Trygg Kirurgi" ved alle kirurgiske inngrep.

Kontakt

Postadresse

Helse Møre og Romsdal

Postboks 1600

6026 Ålesund