Intensivseksjonen Ålesund

Seksjonen består av kirurgisk og medisinsk intensiv, samt ei postoperativ eining. Vi gir medisinsk behandling og sjukepleie til akutt og kritisk sjuke pasientar, både vaksne og barn.

Les meir om Intensivseksjonen Ålesund

Intensivseksjonen Ålesund

Pasientane ligg til observasjon etter gjennomgått operasjon, ulukker, medisinske tilstandar eller ved forverring av kroniske lidingar.

  • Kirurgisk intensiv eining har ti sengeplassar.
  • Medisinsk intensiv eining har seks sengeplassar.
  • Postoperativ eining har ti sengeplassar.

Kompetanse

Seksjonen har eigen fysioterapeut med spesialisering innan intensivmedisin. Sjukepleiarane har vidareutdanning i intensivsjukepleie. Legegruppa er utdanna innanfor anestesi og medisinske fagområde. Kvalitet og pasientsikkerheit er ei overordna målsetting for personalet. God informasjon til pasientar og pårørande er prioritert oppgåve.


 


 

Kontakt