Augeavdelinga Ålesund

Augeavdelinga greier ut og behandlar dei fleste augelidingar. Vi handterer problem som optikar, fastlegen eller den privatpraktiserande augelegen ikkje kan ta seg av.  Vi utfører planlagde konsultasjonar der nye pasientar vert vurderte, utgreidde og behandla medisinsk eller kirurgisk. I ettertid vil dei som treng det, bli følgde opp med kontroll. Det meste av vår behandling blir gjennomført poliklinisk.
Les meir om Augeavdelinga Ålesund

Augeavdelinga Ålesund

Synet ditt- med deg i fokus.

Vi er opptatt av å gi den beste servicen og behandlinga vi har tilgjengeleg, tilpassa kvar enkelt pasient. I tett samarbeid med pasient og pårørande, blir vi einige om vegen vidare. Vi er stolte over å ha dedikerte, dyktige og engasjerte tilsette som har eit godt tverrfagleg samarbeid. Vi har kontinuerleg fokus på verdiane våre:

  • RESPEKT
  • ANSVAR
  • TILLIT
  • TRYGGLEIK

Respekt: alle skal vise respekt for pasientar og medarbeidarar.

Ansvar: alle må ta ansvar for at trivselen ved avdelinga er god.

Tillit: Vi skal skape tillit slik at pasienten kjenner seg godt ivaretatt. Vi må ha tillit til og stole på kvarandre når det gjeld arbeidsoppgåvene og kompetansen til kvar enkelt.

Tryggleik: både pasientar og tilsette skal kjenne seg trygge på Auge poliklinikk.

Desse verdiane er «køyrereglane» for alle tilsette på avdelinga.

Augeavdelinga har eit opptaksområde med cirka 128 000 innbyggarar. For nokre område, som til dømes undersøking av barn som er fødde for tidleg, er opptaksområdet heile fylket, med 240 000 innbyggarar.

På augeavdelinga har vi poliklinikk, operasjonsstove og sengepost.

Vi har til saman 20 årsverk fordelt på legar, sjukepleiarar, hjelpepleiarar og sekretærar.

Kontakt

Oppmøtestad

Poliklinikk: Inngang nord 6. etasje

Operasjon: Inngang nord 1. etasje, luke 3 (dagkirurgisk avdeling)

Sengepost: Inngang sør 5. etasje (kirurgisk sengepost 1)

Telefon
70 10 58 70
Telefonen er stengt mellom kl. 11:00 - 12:30
Postadresse

Helse Møre og Romsdal HF

Postboks 1600

6026 Ålesund

Ålesund sjukehus

Besøksadresse
Åsehaugen 5(Google maps)
Telefon
70 10 50 00
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

Parkering

​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet. Betaling pr. time kontant eller bankkort.

Kart over sjukehusområdet, inkludert informasjon om parkering.

Biletet er klikkbart og gir større versjon (pdf).

 

Pasienthotellet

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Presetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Presetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Sjukehusapoteket i Ålesund

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.

Angiografi, Ålesundhttps://helse-mr.no/behandlinger/angiografi-alesundAngiografi, ÅlesundAAngiografi av øyetAngiografi av øyetAngiografi av øyetAngiografi av øyet
Augedrypping, Ålesundhttps://helse-mr.no/behandlinger/augedrypping-alesundAugedrypping, ÅlesundAØyedryppingØyedryppingAugedryppingØyedrypping
Foto av augebotn, Ålesundhttps://helse-mr.no/behandlinger/foto-av-augebotn-alesundFoto av augebotn, ÅlesundFFoto av øyebunnenFoto av øyebunnenFoto av øyebunnenFoto av øyebunnen
Måling av augetrykk med Icare tonometer, Ålesundhttps://helse-mr.no/behandlinger/maling-av-augetrykk-med-icare-tonometer-alesundMåling av augetrykk med Icare tonometer, ÅlesundMMåling av øyetrykk med Icare tonometerMåling av øyetrykk med Icare tonometerMåling av augetrykk med Icare tonometerMåling av øyetrykk med Icare tonometer
Måling av tåreproduksjonhttps://helse-mr.no/behandlinger/maling-av-tareproduksjonMåling av tåreproduksjonMSjøgren - schirmers test - måling av tåreproduksjonSjøgren - schirmers test - måling av tåreproduksjonSjøgren - schirmers test - måling av tåreproduksjonSjøgren - schirmers test - måling av tåreproduksjon