Kirurgisk poliklinikk Ålesund

Vi tar imot pasientar som er tilvist frå fastlege/legevakt for vurdering og behandling. Vi utfører mindre inngrep, kontrollar og oppfølging.

Les meir om Kirurgisk poliklinikk Ålesund

Kirurgisk poliklinikk Ålesund

Planlagte konsultasjonar

Alle overlegar og assistentlegar knytt til kirurgisk og ortopedisk poliklinikk har faste konsultasjonsdagar på poliklinikken. Stomisjukepleiarar, sårsjukepleiarar og uroterapeutar har også eigne konsultasjonsdagar. 

Kirurgisk/ortopedisk poliklinikk består av:

  • Gastro/generell poliklinikk med stomipoliklinikk.
  • Urologisk poliklinikk med uroterapipoliklinikk .
  • Kar / thorax med sårpoliklinikk.
  • Ortopedisk poliklinikk med skadepoliklinikk.

Akutt hjelp

Vi tar imot pasientar som er tilvist frå fastlege eller legevakt for akutt hjelp i vår skadepoliklinikk. Vi vurderer akutt hjelp som nye skadar: brot, leddbandskader, kutt, brannskader o.l. som har oppstått dei siste 48 timane. Du blir behandla så raskt som mogeleg ut i frå kor alvorleg skaden er.

Kontakt

Oppmøtestad
Poliklinikken finn du i 1. etasje - til venstre når du kjem inn døra i hovudvestibylen.
Telefon
70 10 52 26
laurdag - sundag 70 10 52 25
Postadresse

Helse Møre og Romsdal

Postboks 1600

6026 Ålesund

Ålesund sjukehus
Besøksadresse
Åsehaugen 5(Google maps)
Telefon
70 10 50 00
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Ring gastro/generell poliklinikk med stomipoliklinikk

​Telefon 70 10 56 77

Ring kar/thorax med sårpoliklinikk

​Telefon: 70 10 56 92

Ring ortopedisk poliklinikk med skadepoliklinikk

​Telefon: 70 10 52 25

Ring urologisk poliklinikk med uroterapipoliklinikk

​Telefon 70 10 56 91

Praktisk informasjon

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Opningstider

Vi har opent for planlagde konsultasjonar mandag - torsdag kl 08:00 - 16:00. 

For akutt hjelp har vi opent mandag - fredag kl 08:00 - 20:00. Laurdag og søndag kl 12:00 - 20:00. Resten av døgnet og i høgtider blir behov for akutt hjelp behandla i akuttmottaket. 



Parkering

​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet. Betaling pr. time kontant eller bankkort.

Kart over sjukehusområdet, inkludert informasjon om parkering.

Biletet er klikkbart og gir større versjon (pdf).

 

Pasienthotellet

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Sjukehusapoteket i Ålesund

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.