Kjevekirurgisk avdeling Ålesund

Avdelinga har ansvar for diagnostikk og behandling av sjukdommar og skadar i munnhole, tenner, kjevar og ansiktsskjelett for befolkninga på Sunnmøre.
Avdelinga består av poliklinikk og operasjonseining. Vi deler sengepost med Ortopedisk avdeling og Barne- og ungdomsavdelinga.

Les meir om Kjevekirurgisk avdeling Ålesund

Kjevekirurgisk avdeling Ålesund

Avdelingssjef Jan Inge Leira.

Hos oss er det tilsett spesialistar i oral kirurgi, sjukepleiarar og hjelpepersonell.

Spesialistar

Kirurgane våre har utdanning innan oral kirurgi og oral medisin. I Noreg er spesialistar i oral kirurgi tannlegar med fem års vidareutdanning innan lidingar i munnens slimhinner og kirurgisk behandling av sjukdommar og skadar i tenner, kjevar og ansikt. 

Vårt fagfelt dekker

Dentoalveolær kirurgi.

Vi vurderer og opererer retinerte og overtallige tenner, rotspissamputasjonar, cyster og  godarta svulstar i kjevane og i ansiktsskjelettet.

Oral medisin

Vi undersøker og behandlar sjukdommar i munnhulens slimhinner. Dette inneber at vi ved behov tar vevsprøver for nærmare analyse.

Infeksjonar

Alvorlege infeksjonar med utgangspunkt i tenner eller kjevar krev av og til sjukehusinnlegging. Desse pasientane blir behandla hos oss.

Smertetilstandar i kjevar og ansikt

I samarbeid med blant anna smerteklinikk, nevrolog, revmatolog og øyre-, nase- og halsspesialistar undersøker vi forskjellige smertetilstandar i tenner, kjevar, kjeveledd og ansikt.

Undersøking og behandling av kjeveleddslidingar

Vi utfører injeksjonar og  artroscentese (gjennomskylling) av kjeveledd  der det er grunn til å gjere eit spesielt tiltak.
I enkelte tilfelle er det indikasjon for å operere kjeveleddet med open kirurgi. Dette blir også gjort hos oss, i samarbeid med spesialistar frå Oslo.

Implantat

For spesielle pasientgrupper har vi tilbod om erstatning av manglande tenner med tannimplantat.

Skadekirurgi 

Ved skadar eller brot i kjevar eller ansikt vil du bli vurdert og eventuelt operert ved vår avdeling. Pasientar med meir omfattande skadar, som også involverer kraniet, blir behandla i samarbeid med St. Olavs Hospital i Trondheim.

Ortognatisk kirurgi

Ortognatisk kirurgi er kirurgi der vi flyttar på ein eller begge kjevar for å korrigere bitforstyrringar. Dette omfattar underbit, overbit, opne bit, skeivskapar i ansiktet og enkelte andre tilstandar som ein kan korrigere med kirurgi.
Vår avdeling er senter for slik behandling i Helse Møre og Romsdal HF, og einaste avdeling mellom Bergen og Trondheim som tilbyr slik behandling. Vi behandlar også pasientar frå andre delar av landet etter tilvising.
Dette er behandling vi gjer i samarbeid med kjeveortopedar, også kalt reguleringstannlegar. Når kjeveortoped ser at bitforstyrring ikkje kan korrigerast med tannregulering aleine, vil du bli tilvist til oss for vurdering om kirurgisk behandling kan vere aktuelt. Deretter vil du gå tilbake til din reguleringstannlege, som regulerer tennene dine slik at bitet skal passe best mogleg saman etter at vi har operert kjevane. Etter operasjon vil du vanlegvis ha regulering ein periode for å få bitet så bra som mogleg.

Samarbeid med andre avdelingar i sjukehuset

Vi tilbyr ei heilskapleg undersøking og nødvendig tannbehandling av pasientar med kreft i hovud- og halsområdet før strålebehandling, samt pasientar som skal ha behandling med cellegift.  I tillegg vurderer vi tenner og munnhole før nyre- og hjarteoperasjonar og organtransplantasjonar. Utgreiinga kan medføre operativ fjerning av dårlege tenner dersom desse inneber infeksjonsfare med tanke på den planlagte behandlinga.

Antiapnoe-skinner (snorkeskinner)

I samarbeid med lungeavdelinga tilpassar vi antiapnoe-skinner på pasientar som lir av alvorleg pustestopp under søvn.

Tannbehandling i narkose

 I regi av den offentlege tannhelsetenesta har avdelinga også tilbod om tannbehandling i narkose for barn og psykisk utviklingshemma.


 

Kontakt

Telefon
70 10 52 33
måndag08:00 - 15:30
tysdag08:00 - 15:30
onsdag08:00 - 15:30
torsdag08:00 - 15:30
fredag08:00 - 15:30
Spørsmål om inneliggande pasientar kan rettast til sengepost etter kl. 15:30 Ortopedisk avdeling telefon: 70 10 58 10 eller Barne- og ungdomsavdelinga telefon: 70 16 76 60

Ålesund sjukehus

Besøksadresse
Åsehaugen 5(Google maps)
Telefon
70 10 50 00
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

Parkering

​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet. Betaling pr. time kontant eller bankkort.

Kart over sjukehusområdet, inkludert informasjon om parkering.

Biletet er klikkbart og gir større versjon (pdf).

 

Pasienthotellet

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Presetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Presetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Sjukehusapoteket i Ålesund

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.