Audiopedagogisk seksjon

Audiopedagogisk seksjon gir tilbod om utgreiing av høyrsel og høyrselsfunksjon. Ved behov ser vi også på barnet si språkutvikling knytt til høyrsel. Dette tilbodet gir vi til barn under skulealder. Vi dekker heile Møre og Romsdal.

Les meir om Audiopedagogisk seksjon

Audiopedagogisk seksjon

  • Audiopedagogisk seksjon tek imot barn poliklinisk og gjennomfører ulike typar høyrselstestar etter alder og behov.
  • Skulle det vise seg at barnet ditt har behov for høyreapparat eller cochleaimplantat (CI), gir vi også tilbod om meir regelbunden oppfølging, observasjon og rettleiing.
  • For å gi eit godt og heilskapleg tilbod, pedagogisk – medisinsk – teknisk, samarbeidar vi tett med ØNH-legane og audiografane ved høyresentralen.

Tidleg diagnose, godt tilpassa høyreapparat eller CI og god tilrettelegging i heim og barnehage er viktig for barnets språklege og sosiale utvikling.

Tilbod

VEKESOPPHALD

Dei barna som har fått påvist nedsett høyrsel får tilbod om vekesopphald her ved seksjonen etter behov. Dei får då vere i ei gruppe med andre barn med nedsett høyrsel. Her blir barnet observert i ei barnegruppe i ulike situasjonar gjennom dagen. Foreldra får rettleiing ut frå observasjonane slik at dei kan støtte barnet sitt på ein best mogeleg måte vidare i utviklinga. Barnet får også jamleg oppfølging av ØNH-lege og audiograf under desse opphalda.

AUDITIV VERBAL TILNÆRMING (AVT)

Dette er individuell rettleiing til foreldre som har små barn med høyreapparat eller CI. I AVT har vi fokus på høyrsel og talespråkleg utvikling og foreldra får rettleiing i korleis dei kan hjelpe barnet sitt til å bruke høyrselen som den primære sansen til å utvikle talespråket.

SAMARBEID MED PPT OG HELSESTASJON I HEIMKOMMUNEN

KURS OG RETTLEIING TIL BARNEHAGAR

POLIKLINISK VERKSEMD

Her utfører vi ulike høyreprøver etter alder og behov;
leikeaudiometri, distraksjonstestar, Visual Reinforsment
Audiometry (VRA). Vi kan også gjere ei generell språkvurdering.

OBSERVASJONSOPPHALD

Dette er oftast eit tilbod i forlenging av eit poliklinisk besøk. Er ein
i tvil om barnets høyrsel, observerer vi for å kunne vurdere barnet
sin høyrsel - og språkfunksjon.

HØYREAPPARATTILPASSING

Skjer etter påvist, oftast permanent, høyrselstap.
Høyreapparattilpasning skjer i samarbeid med ein audiograf.

Kven er vi?

Audiopedagogisk seksjon er ein del av ØNH-avdelinga ved Ålesund sjukehus. For å gi eit heilskapleg tilbod samarbeider vi tett med ØNH-legane og audiografane ved høyresentralen. Vi gir tilbod til barn under skulealder, og vi dekker heile Møre og Romsdal.

Vi jobber i team og består av ulike faggrupper:

  • Audiopedagogar
  • Spesialpedagogar
  • Førskulelærarar
  • Miljøarbeidarar
  • Kontorfullmektig

Fleire av oss har i tillegg teiknspråkkompetanse, og kan i tillegg rettleie i AVT (auditiv verbal tilnærming).

Brosjyre til utskrift

Kontakt

Oppmøtestad
Audiopedagogisk seksjon ligg i eit eige bygg vest for hovudbygget ved Ålesund sjukehus. For å kome til oss kan ein følgje stien som gjeng til venstre for hovudinngangen på sjukehuset (skilta).  Ein kan også køyre helt til seksjonen. Køyr då forbi legevakta, apoteket og følg vegen forbi alderspsykiatrisk seksjon. Vi ligg i eit lågt bygg med ein leikeplass utanfor. Vi har eiga parkering for pasientar ved seksjonen.
Telefon
70 10 60 76
E-post
Ålesund sjukehus
Besøksadresse
Åsehaugen 5(Google maps)
Telefon
70 10 50 00
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

Opningstid

​Audiopedagogisk seksjon er open kvar dag måndag - fredag frå kl 08:00 - 16:00.

Vi held stengt fire veker om sommaren. Sjå oversikt over feriestengde avdelingar i HMR

Parkering

​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet. Betaling pr. time kontant eller bankkort.

Kart over sjukehusområdet, inkludert informasjon om parkering.

Biletet er klikkbart og gir større versjon (pdf).

 

Pasienthotellet

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Sjukehusapoteket i Ålesund

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.