Dagkirurgi Ålesund

Dagkirurgisk seksjon gir eit heilskapleg tilbod til dagpasientar som møter opp på operasjonsdagen, får utført eit inngrep og er på overvakinga før ein reiser heim same dag. Vi gjennomfører også operasjonar på pasientar som får tilbod om overnatting på sjukehotellet eller er innlagde ved ei avdeling.

Les meir om Dagkirurgi Ålesund

Dagkirurgi Ålesund

Vi utfører inngrep innan følgande fagområde: auge, øyre-, nase- og halskirurgi, ortopedi, gynokologi, generell kirurgi, mamma- og endokrinkirurgi, karkirurgi, urologi og tannkjeve-kirurgi. Det blir utført gastrokoloskopiar på barn. I 2015 behandla vi omlag 4500 pasientar, der mange av våre pasientar er barn.

Moderne lokale

I februar 2014 vart Dagkirurgisk seksjon opna i nye lokale. Det vart bygd fem nye operasjonstover med fasilitetar og teknologiske løysingar som gir gode vilkår for framtidsretta operasjonar. Til saman har vi seks operasjonsstover. På overvakinga er det plass for 19 overvakingseiningar med to einerom. Vi har eigen avskjerma leikeplass for barn.

Kompetanse

Personalet som arbeider fast ved seksjonen er spesialsjukepleiarar. Anestesipersonalet er tilknytt anestesiseksjonen, men fleire av dei har sin faste arbeidsstad på Dagkirurgisk seksjon. Vi jobbar tverrfagleg og har svært gode rutinar for mellom anna smertelindring. Ulike former for nerveblokadar blir nytta for at pasienten skal få det best mogleg under og ei tid etter inngrepet. Vi er også stolte av å ha mange dyktige operatørar som kan gi den beste behandlinga innanfor sine fagfelt. Det store og gode fagmiljøet ved Ålesund sjukehus gjer at vi kan tilby ei trygg og sikker behandling.

Ei god pasientoppleving

Vår visjon er at vi skal skape framtidas dagkirurgi! Målet vårt er ei god pasientoppleving. Hausten 2015 gjennomførte vi ei omfattande måling av pasienttilfredsheit for å sjå om vi når målet. 150 pasientar var med på å seie si meining. Der scora vi høgt på tilfredsheit frå pasientane våre. Noko vi er stolte av og skal jobbe vidare med å oppretthalde og forbetre.

Personalet ved Dagkirurgisk seksjon driv med vedvarande forbetring. Mange prosjekt er avslutta og implementert, og fleire er på gang. Det landsomfattande Pasientsikkerheitsprogrammet er vi ein del av, der vi blant anna gjennomfører Trygg Kirurgi på alle operasjonar med anestesi. Vi ønsker å ha ein arbeidsstad som gir rom for forsking, kontinuerleg læring og kvalitetsutvikling. Vi meiner det gir eit godt grunnlag som igjen bidrar til ei god og effektiv pasientbehandling og tilfredsheit.


 

 

Kontakt

Oppmøtestad
Inngang på nordsida av Ålesund sjukehus. Eige venterom forbi kiosken og til venstre for luke 3. Ta kontakt i luke 3 i opningstida frå kl. 0800 - 1530
Telefon
70 10 52 38
Pårørande kan på operasjonsdagen ta kontakt på telefon: 70 10 52 37
Postadresse

Helse Møre og Romsdal

Postboks 1600

6026 Ålesund

Ålesund sjukehus
Besøksadresse
Åsehaugen 5(Google maps)
Telefon
70 10 50 00
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Parkering

​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet. Betaling pr. time kontant eller bankkort.

Kart over sjukehusområdet, inkludert informasjon om parkering.

Biletet er klikkbart og gir større versjon (pdf).

 

Pasienthotellet

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Sjukehusapoteket i Ålesund

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.