Ortopedisk avdeling Ålesund

Avdelinga utfører utgreiing, behandling og oppfølging av akutte skadar og lidingar som omfattar skjelett og muskulatur. Målsettinga er å sikre eit godt pasienttilbod og ta hand om pasientar og pårørande på ein verdig og trygg måte.

Les meir om Ortopedisk avdeling Ålesund

Ortopedisk avdeling Ålesund

Avdelingssjef: Lars Kjetil Aas

I tillegg til akutt hjelp tek vi i mot pasientar tilvist frå fastlege eller legevakt. Utgreiing og behandling blir gjort ved ortopedisk poliklinikk i 1. etasje. Når operasjon er nødvendig, blir operasjonane utført på Dagkirurgisk avdeling eller ved innlegging i Ortopedisk sengepost i 7. etasje. 
Det er tilsett 18 legar i avdelinga: ti overlegar og åtte legar i utdanningsstillingar. Dei fleste av overlegane har lang erfaring som operatørar og  er godt oppdaterte på sine fagfelt.

Fagområde:

Avdelinga handterer alle dei store fagområda innanfor ortopedisk kirurgi. Kvart område har ein fagansvarleg overlege:

  • Protesekirurgi: Frode Guldal
  • Ryggkirurgi: Vidar Punsvik
  • Hand- og olbogekirurgi: Tor Johannes Slørdahl
  • Fot- og ankelkirurgi: Lars Kjetil Aas
  • Barneortopedi: Terje Vagstad
  • Ortopedisk traumatologi og brannskadar: Anne Berg Breen
  • Artroskopi og sportstraumatologi: Jan Arild Klungsøyr
  • Ortopedisk forsking: Erland Hermansen

Kvalitetsarbeid:

Ortopedisk avdeling er opptatt av kvalitetsarbeid og deltar i Pasienttryggingskampanjen «I trygge hender». Avdelinga har eige kvalitetsråd.
Vi driv omfattande forskingsarbeid på fleire fagfelt. Både legar, sjukepleiarar og fysioterapeutar er involverte i dette.

Kontakt

Oppmøtestad
Sentralblokka 7. etasje.
Telefon
70 10 58 10
Postadresse
Helse Møre og Romsdal HF
Postboks 1600
6026 Ålesund

Ålesund sjukehus

Besøksadresse
Åsehaugen 5(Google maps)
Telefon
70 10 50 00
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på sjukehuset. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

Parkering

​​Besøksparkering på tilvist stad på sjukehusområdet. Betaling pr. time kontant eller bankkort.

Kart over sjukehusområdet, inkludert informasjon om parkering.

Biletet er klikkbart og gir større versjon (pdf).

 

Pasienthotellet

​​​Næraste alternativ for pasientar og pårørande som treng overnatting er pasienthotellet på Åse.

Åse hotell


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Presetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Presetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Sjukehusapoteket i Ålesund

​Apoteket ligg på nordsida av sjukehuset, nær inngangen til poliklinikkane.

Opningstider og kontaktinformasjon finn du på sjukehusapoteket sine sider

 

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.

Hoftebrotsoperasjon, Ålesundhttps://helse-mr.no/behandlinger/hoftebrotsoperasjon-alesundHoftebrotsoperasjon, ÅlesundHHoftebrudd - operasjonHoftebruddsoperasjonHoftebrotsoperasjonHoftebrudd - operasjon

Ortopedisk sengepost Ålesundhttps://helse-mr.no/avdelinger/klinikk-for-kirurgi-alesund/ortopedisk-avdeling-alesund/ortopedisk-sengepost-alesundOrtopedisk sengepost Ålesund