Ortopedisk sengepost Ålesund

Vi tar i mot pasientar med ortopediske diagnosar som er planlagde for operasjon, samt pasientar som er akutt innlagde med skadar eller akutte lidinger i skjelett og muskulatur.

Les meir om Ortopedisk sengepost Ålesund

Ortopedisk sengepost Ålesund

Ortopedisk sengepost ligg i 7. etasje med nydeleg utsikt mot Sunnmørsalpane. Sengeposten var totalrenovert i 2012 og har plass til 25 pasientar. Her har vi pasientrom med eigne bad/toalett og felles TV-stove. Her jobbar sjukepleiarar, hjelpepleiarar, legar og fysioterapeutar saman for eit best mogleg opphald og behandlingsresultat for pasienten.

Ved ortopedisk sengepost er vi opptatt av kvalitet og tryggleik. Derfor er vi med i Paienttryggingskampanjen «I trygge hender». For enkelte diagnosar har vi standardisert pasientløpet for å sikre kvalitet og flyt i behandlinga.

Kontakt

Oppmøtestad
Sentralblokka i 7. etasje, Ålesund sjukehus.
måndag70 10 58 10
tysdag70 10 58 10
onsdag70 10 58 10
torsdag70 10 58 10
fredag70 10 58 10
laurdag70 10 58 10
sundag70 10 58 10
Den beste tida å ringe er mellom kl. 10:00-14:00.
Postadresse

Helse Møre og Romsdal HF

Postboks 1600

6026 Ålesund

Praktisk informasjon

Måltid

Frukost kl 08:00 - 09:00

Lunsj kl 12:00 - 13:00

Middag kl 15:30 - 16:30