Seksjon for anestesi Kristiansund

Anestesiavdelinga er ein del av Klinikk for kirurgi ved Kristiansund sykehus. Avdelinga tilbyr tenester knytta til mellom anna bedøving av pasientar som skal til operasjoner og undersøkingar. Avdelinga har også tilbod innanfor intensivmedisin og er også ansvarleg for oppvakningsavdelinga der pasientar kjem etter operasjonen.

Les meir om Seksjon for anestesi Kristiansund

Seksjon for anestesi Kristiansund

Pasientar som skal inn til operasjon er ofte opptekne av kva slags bedøving som trengst for å gjennomføre inngrepet. Mange har også spørsmål til anestesipersonellet. Dersom nokon ønskjer det, eller ved behov får ein  tilsyn av anestesilege og/eller anestesisjukepleiar før operasjonen.
Det er viktig for oss at du som pasient, gjer så godt du kan, når du fyller ut skjemaet «Pasientens spørreskjema Anestesi». Dette gir oss eit godt utgangspunkt for val av anestesimetode, vurdering av tilstanden din og dine eigne ønskje.

Skal du opereres kan du få time til anestesipoliklinikken om du ønskjer det eller om anestesilegen vil snakke med deg før operasjonen. Der vil det bli besemt korleis bedøving du kan få under operasjonen, og du vil få svar på spørsmål som du har.

Følgje inn i operasjonsavdelinga:
Som hovudregel kan ein ikkje følgje pasientar inn i operasjonsavdelinga. Grunnen er strenge krav til ferdsel, hygiene og uniformsreglement i ei slik avdeling.
Foreldre til barn kan følgje barnet inn på operasjonsstua og vere tilstades til barnet er bedøvt.
Pasientar som skal til planlagt keisarsnitt (elektiv sectio) kan, etter avtale med gynekolog/jordmor, ha ein vaksen person med seg under forløysinga av barnet.

Det er under alle forhold foto- og filmeforbud i operasjonsavdelinga.

Kontakt

Oppmøtestad
Anestesipoliklinikken ligg på plan 0.
Når du kjem inn hovudinngangen, gå/ta heisen ein etasje ned og gå til mottagelsen.
Telefon
71 12 00 00
Postadresse
Seksjon for anestesi
Kristiansund sykehus
Herman Døhlens vei 1
6508 KRISTIANSUND
Kristiansund sjukehus
Besøksadresse
Herman Døhlens vei 1(Google maps)
6508 Kristiansund
Telefon
71 12 00 00
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Sjukehusapoteket i Kristiansund

Spisestader

​Kantina i 2. etasje er open for pasientar, pårørande og tilsette.

Kantina har følgjande opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 08.00 - 14.30
  • Helg og høgtid: stengt  

I tillegg kan du finne kiosk i 1. etasje ved Kristiansund sjukehus.

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.