Klinikk for kirurgi Volda

Klinikk for kirurgi i Volda gir behandling innanfor faga ortopedi og blautdelskirurgi,  og har ansvar  for akuttfunksjonane ved Volda sjukehus. 

Klinikken er inndelt i seks ulike seksjonar: Akuttmottak, intensiv, operasjon, anestesi, kirurgisk sengepost og kirurgisk poliklinikk.


 

Les meir om Klinikk for kirurgi Volda

Klinikk for kirurgi Volda

Klinikken dekker spesialitetane ortopedi, gastrokirurgi og urologi. For informasjon om kva behandling vi utfører vil vi vise til Helsenorge sine nettsider. Her får du informasjon om ventetider til undersøking og behandling av ulike sjukdomar. Fastlegen har meir informasjon om dette, og har ansvar for å søkje om behandling på vegne av pasientane.

Kontakt

Oppmøtestad
Sjukehuset i Volda har to inngangar: Akuttmottaket er kun for pasientar som skal leggast inn, eller treng akutt behandling. Hovudinngangen skal brukast av alle andre.
Telefon
70 05 82 00
Merk e-posten kirurgisk klinikk Volda
E-post
Volda sjukehus
Besøksadresse
Kløvertunvegen 1(Google maps)
Telefon
70 05 82 00
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

Besøkstid klinikk for kirurgi Volda

Besøkstida er frå kl 14:00 - 19:00 kvar dag.

Pårørande som vil besøke innlagte pasientar får informasjon om kvar pasienten ligg ved å vende seg til informasjonen i hovudvestibylen. Er denne stengt kan du ta heis direkte til intensiv i 2. etasje eller kirurgisk sengepost i 3. etasje.

Besøkstid Volda sjukehus

Besøkstida er kl. 14:00 - 19:00. Vi oppmodar besøkjande om å ta kontakt med den aktuelle avdelinga før besøket. 

Endre/avbestille time

​Vi vil oppmode om at tildelt time vert gjennomført som planlagt. Skulle du ha behov for å endre time kan du ringe kirurgisk poliklinikk på telefon 70 05 82 54/70 05 82 59 mandag -fredag i tidsrommet  08.30 – 10.30.

Det er viktig at du ringer så snart som råd dersom oppsett time ikkje høver.  Unytta timar som ikkje er varsla blir fakturert.

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Parkering

​​​​​Du kan parkere på anviste plassar utanfor sjukehuset


 

Pasienttelefon

​Pasienttelefon

På avdelingane er det telefonar ved alle sengene. Det er også telefonautomatar i alle etasjar.

 

Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Spisestader

​Kantina i underetasjen er open for pasientar, pårørande og tilsette. Vi har middagsservering kvar dag frå kl 12.00 - 16.00 i tillegg til litt kioskvarer, krigler, kaker og påsmurt brødmat. Vi har også pålegg og brødmat som du kan smøre sjølv.

Kantina har følgjande opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 08.00 - 16.00
  • Laurdag og søndag: kl 12.00 - 16.00

 

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.

Akuttmottaket Voldahttps://helse-mr.no/avdelinger/klinikk-for-kirurgi-volda/seksjon-mottak-voldaAkuttmottaket Volda
Intensivavdelinga Voldahttps://helse-mr.no/avdelinger/klinikk-for-kirurgi-volda/seksjon-for-intensiv-voldaIntensivavdelinga Volda
Kirurgisk poliklinikk Voldahttps://helse-mr.no/avdelinger/klinikk-for-kirurgi-volda/seksjon-for-kirurgisk-poliklinikk-voldaKirurgisk poliklinikk Volda
Kirurgisk sengepost Voldahttps://helse-mr.no/avdelinger/klinikk-for-kirurgi-volda/seksjon-for-kirurgi-og-gynekologi-sengepost-voldaKirurgisk sengepost Volda
Operasjon og anestesiavdelinga Voldahttps://helse-mr.no/avdelinger/klinikk-for-kirurgi-volda/seksjon-for-operasjon-voldaOperasjon og anestesiavdelinga Volda

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.