Kirurgisk poliklinikk Volda

Kontakt

Oppmøtestad
Kirurgisk poliklinikk ligg i 1.etasje, til venstre for hovedinngangen. Skal du til poliklinisk undersøking eller kontroll kan du gå direkte til kirurgisk poliklinikk. Pasientar til urologisk poliklinikk møter i 2.etasje og kan sette seg på venterommet ved heisa. Her blir du henta når det er din tur. Les nøye på innkallinga kvar du skal møte.  Skal du til røntgenundersøking før timen på kirurgisk poliklinikk må du vende deg til røntgenekspedisjonen og få tilvist plass der. Pasientar med time til dagkirurgisk behandling må lese innkalling nøye og møte på oppgitt stad.
Volda sjukehus
Besøksadresse
Kløvertunvegen 1(Google maps)
Telefon
70 05 82 00
Medisinsk nødtelefon 1 1 3

Praktisk informasjon

Besøkstid Volda sjukehus

Besøkstida er kl. 14:00 - 19:00. Vi oppmodar besøkjande om å ta kontakt med den aktuelle avdelinga før besøket. 

Endre/avbestille time

​Vi vil oppmode om at tildelt time vert gjennomført som planlagt. Skulle du ha behov for å endre time kan du ringe kirurgisk poliklinikk på telefon 70 05 82 54/70 05 82 59 mandag -fredag i tidsrommet  08.30 – 10.30.

Det er viktig at du ringer så snart som råd dersom oppsett time ikkje høver.  Unytta timar som ikkje er varsla blir fakturert.

Internett/Wifi

Pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i deler av sjukehuset, men diverre ikkje i alle avdelingar/etasjar enno. Utbygging av dekninga pågår. Sjå etter GjestenettHMN på mobil eller datamaskin.

 

Passord på SMS
Når du opnar nettlesaren får du opp ei side der du kan bestille gratis passord for å logge deg på nettet. Dette passordet varer ei veke. Du blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt, og får då tilsendt eit passord på SMS.  

 

 


Parkering

​​​​​Du kan parkere på anviste plassar utanfor sjukehuset


 

Pasienttelefon

​Pasienttelefon

På avdelingane er det telefonar ved alle sengene. Det er også telefonautomatar i alle etasjar.

 

Presteteneste

Treng du nokon å snakke med? ​
Prestetenesta er tilgjengeleg for å lytte til deg, om du berre vil slå av ein prat eller dele ting du tenker på.

Prestetenesta si viktigaste oppgåve er samtalar med pasientar og pårørande. Dei tilbyr også undervising, rettleiing, og samtalegrupper, både for pasientar og tilsette.

Presten og diakonen er her for alle, og kan formidle kontakt med andre trussamfunn, religionar eller livssynsorganisasjonar.

Kontaktinformasjon og meir om prestetenesta

Reise og tilkomst

Pasientreiser er reiser til og frå offentleg godkjent behandling. Sjukehuset har ansvaret for pasientreiser og dekker rimelegaste reisemåte for pasienten. Meir informasjon finn du på pasientreiser.no.

Buss

Fram Ekspress og alle andre bussar går innom busslomma ved sjukehuset i Volda og i Ålesund. Unntak: Flybussen i Ålesund stoppar berre ved busslomme oppe ved hovudvegen. I Molde og Kristiansund går ikkje Fram Ekspress til sjukehusa, men korresponderer med bybuss i begge byane.

Fly
Molde lufthavn, Årø ligg om lag 7 km frå Molde sjukehus.

Kristiansund lufthavn, Kverberget ligg om lag 8 km frå Kristiansund sjukehus.

Ørsta-Volda lufthamn, Hovden ligg om lag 8 km frå Volda sjukehus

Ålesund lufthavn, Vigra ligg om lag 23 km frå Ålesund sjukehus. 
 

Spisestader

​Kantina i underetasjen er open for pasientar, pårørande og tilsette. Vi har middagsservering kvar dag frå kl 12.00 - 16.00 i tillegg til litt kioskvarer, krigler, kaker og påsmurt brødmat. Vi har også pålegg og brødmat som du kan smøre sjølv.

Kantina har følgjande opningstider:

  • Måndag til fredag: kl 08.00 - 16.00
  • Laurdag og søndag: kl 12.00 - 16.00

 

Ta bilde?

​Mange pasientar og pårørande ønsker å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Det kan du gjere så lenge det er deg sjølv, pårørande eller vener som blir avbilda.

Det ikkje er lov å ta bilde av medpasientar eller tilsette uten at dei har sagt at det er greit.

Vi håper alle viser respekt for personvernet under besøket på sjukehuset.