Diagnosar
Pasientar må ha skriftleg henvisning frå fastlegen sin for å få time ved hudpoliklinikken. Hudlegen vurderar alle mottatte henvisningar og gir prioritering etter gjeldande retningslinjer.
Pasientar med kjønnssjukdomar treng ikkje henvisning og kan derfor gjere avtale direkte med hudpoliklinikken.
Kronikarar, som stadig har tilknytning til poliklinikken, kan bestille time direkte.
Vi undersøker pasientar, stiller diagnosar og gir behandling ved mange typar hudsjukdomar. Dei vanlegaste sjukdomane er psoriasis, forskjellege typar eksem, neglesjukdomar, kjønnssjukdomar, hårsjukdomar, leggsår og forskjellege formar for hudkreft.
Undersøkingar
Biopsiar/hudprøvar
Blodprøvar
Urinprøvar
- Nokre medikamenter krev undersøking av urin.
Allergitestar
- Lappetest med avlesing hos lege 3. dag.
Vi tilbyr følgande lappetestar for å undersøke mogeleg kontaktallergi:
European baseline, Dental-test, Kosmetikk-serie, Olje og kjølevæske.
- Prikktest med avlesing etter 12 minutt. Vi prikktestar for midd, muggsopp, kattehår, hundehår, bjørk, gras og burot.
Vi testar for følgende matvarer: mjølk, eggekvite, fisk, nøtter, soyabønner og hvete.
Dopplerundersøking
- Kontroll av blodgjennomstrømming i leggar og føtter.
Behandlingar
Lysbehandling
Vi tilbyr TL01- lysbehandling for heile kroppen, lokalt for hender/føtter, genitalt og til hodebunn. I tillegg har vi UVA/UVB lysbehandling for heilkropp, PUVA- behandling for enkelte hudfelt, hender og føtter.
Åpningstider for lysbehandling er kl 08:00 – 11:00 og 12:15 – 15:30.
Lysbehandling gis av sjukepleiar etter leges forordning, som regel tre gonger pr veke i 8 - 9 veker.
PDT-behandling
Fotodynamisk terapi er behandling av basalcellecarsinom, Mb. Bowen, solar keratose og aktinisk keratose. Behandlinga tar til saman ca. 3 – 4 timar. Først skrapar legen området som skal behandlast, deretter vert det lagt på Metvix krem og området vert dekka med plaster. Etter 3 timar kjem pasienten tilbake, plaster og krem fjernast, og området vert lyst på med rødt lys i ca 8 - 9 minutt.
Denne behandlinga kan nokre gongar medføre ubehag i form av stikkande eller brennande smerter. Behov for smertelindring vil derfor variere.
Ved enkelte diagnoser gjentas behandlinga etter 7 - 10 dagar, og da gjennomføres behandlinga av sjukepleiar.
Kryobehandling
Frysing av solar keratose og basalcellecarsinom.
Sårbehandling ved venøse leggsår
Ofte brukar vi då Kaliumpermanganat-bad (KP-bad) som virkar desinfiserande, tørkar ut væskande eksem og som virkar kløstillande. Dersom bra blodgjennomstrømning er behandlinga kompresjonsbandasje eller kompresjonstrømper.
Arterielle sår og diabetiske fotsår behandlast fortrinnsvis ved Kirurgisk poliklinikk.
Tjærebehandling
Sulfantren, ved psoriasis i hodebunn.
Okklusjonsbehandling (DD-behandling)
Ved psoriasis, sår og eksem.
Ein penslar områder med kortisonoppløsing og dekker med tynn Duoderm-plate.
Mindre kirurgiske inngrep
Pasientar som må innleggast for sin hudsjukdom, sendast til St. Olavs Hospital i Trondheim.
Kosmetisk behandling utførast ikkje ved Hudpoliklinikken i Kristiansund.
Vi har ikkje tilbud om laserbehandling.