Illustrasjonsbilde levande lys. Foto: Colourbox.com

Prestetenesta

Når du sjølv eller ein av dine nærmaste blir innlagt på sjukehus, kan det dukke opp tankar og følelsar som det kan vere godt å snakke med nokon om. Eller kanskje berre vere saman med nokon om. Sjukehuspresten er til for deg anten du er pasient eller pårørande.

Våre prestar/sjukehusdiakonar har brei kompetanse og lang erfaring i å møte menneske i sorg, uro og krise, og er ein integrert og naturlig del av sjukehuset sine ulike behandlingsmiljø.

Ein treng ikkje ha ei kristen eller religiøs tru for å snakke med presten. Sjukehusprestane respekterer menneske frå alle trus- og livssynssamfunn og formidlar gjerne kontakt med representantar for eit av desse om du ønskjer det.

Arbeidsoppgåver

Samtalane med pasientar og pårørande er noko av det viktigaste prestane gjer. Du bestemmer sjølv kva ein slik samtale skal handle om. Det kan vere om det som er vondt og vanskeleg i forhold til livet - sjukdom, behandling, smerter, angst, depresjonar, familiesituasjonen, tru og tvil. Og det kan vere om glede, takknemlegheit og gode ting!
Prestetenesta har både ei kyrkjeleg og ei mer allmenn side. Prestane er ordinerte i Den norske kyrkja og står til teneste med sjelesorg, forbøn, dåp, nattverd, vigsel, båreandakt og andre kyrkjelege handlingar.

I sjukehuset blir prestetenesta også nytta i kriser, i familiekommunikasjon, i tema knytt til etikk og verdiar, i tverrfagleg samarbeid, i personalarbeid og i undervisning.

Vi har ikkje eigne gudstenester i sjukehusa, men alle fire sjukehusa har kapell og samtalerom som står opne.
Prestane har teieplikt og skriv ikkje journal.

Våre medarbeidarar

Våre prestar/sjukehusdiakonar er ordinerte i Den norske kyrkje. Dei er universitetsutdanna med god kunnskap om kristen tru og andre religionar og livssyn. Alle har tilleggsutdanning knytt til samtale, sjelesorg og vegleiing og er fagpersonar innan områda etikk og verdiar, sorgbearbeiding og krisehandtering, ritual, tru og livssyn, samt dei krevjande tema omkring sjukdom og trugande død.

Sjukehusprestane/-diakon er tilgjengelege heile døgnet. Kontakt sjukehuset.

  • Sjukehusprest Håvard Ervik, Molde tlf 71 12 10 47
  • Sjukehusdiakon Toril E. K. Holm, Kristiansund  tlf 71 12 11 22
  • Sjukehusprest Odd Erling Vik Nordbrønd, Volda  tlf 70 05 84 20
  • Sjukehusprest Odd Arne Skogen, Ålesund  tlf 70 10 53 23

Søndagshelsing

Fann du det du leita etter?