Sengeposten opna sommaren 2005 og har i dag 14 einerom i drift.
Vi tilbyr:
- Cellegiftbehandling
- Strålebehandling
- Lindrande behandling
Sengeposten har eit nært samarbeid med kreftavdelingas lindrande team som arbeider aktivt ut mot primærhelsetenesta i fylket. Dei faggruppene som arbeider her er legar som har spesialisering i kreftbehandling (onkologar), kreftsjukepleiarar, sjukepleiarar, fysioterapeutar, sosionom, ernæringsfysiolog og prest. Vi har og ein postsekretær, portør og ein kjøkkenassistent.
Det blir tatt ei rekke undersøkingar av pasientane når dei kjem til avdelinga. Røntgenundersøkingar som CT, MR og annan bildediagnostikk blir gjort for å kartlegge sjukdommen og utbreiinga av den.
Det blir tatt rutinemessig blodprøver og kliniske undersøkingar som blodtrykk, puls og temperatur av alle som blir innlagt på avdelinga. Vekt og høgde blir også målt dersom du skal ha cellegiftbehandling. Beinmargsprøve kan vere aktuelt ved mistanke om hematologisk sjukdom.
Cellegiftbehandling
Cellegiftbehandling kan bli gitt som kurerande eller lindrande behandling. På sengeposten gir vi behandlingar som går over ein eller fleire dagar.
Cellegiftbehandling er individuell for kvar pasient og planleggast ut frå diagnose, allmenntilstand og utbreiing av sjukdommen. Pasientar som har fått cellegiftbehandling på anna sjukehus, for eksempel på St.Olavs Hospital, kan bli overflytta til kreftsengeposten for observasjon.
Strålebehandling
Pasientar frå heile regionen får strålebehandling i Ålesund. Pasientar som er for sjuke til å få stråling poliklinisk og for sjuke til å bu på pasienthotellet blir lagt inn på kreftsengeposten. Pasientar som kjem frå andre lokalsjukehus blir overflytta til kreftsengeposten for strålebehandling, og flytta tilbake til lokalsjukehuset etter avslutta behandling.
Lindrande behandling
Pasientar som har ein kreftsjukdom som ikkje kan kurerast, med symptom og plager som er vanskelege å lindre kan leggast inn på kreftsengeposten. I avdelinga er det 3 senger som er prioritert til palliativ (lindrande) behandling. Desse 3 sengene blir fulgt opp av legar og sjukepleiarar frå sengeposten og det lindrande teamet. Pasienten blir lagt inn i palliativ seng for utgreiing av ei konkret problemstilling, for så å kome heim eller bli overflytta til anna institusjon (sjukeheim).