Strålebehandling, Ålesund

Stråleterapiavdelinga har to moderne behandlingsmaskiner. Vi gir strålebehandling til dei aller fleste pasientgrupper. Strålebehandlinga vert planlagt og gjennomført i eit tverrfagleg samarbeid mellom lege, medisinsk fysikar og stråleterapeut. I tillegg har vi ingeniørar som sørgjer for at det tekniske utstyret fungerer etter føreskriftene og sekretærar som tek imot deg når du kjem.

Strålebehandlinga kan nyttast både ved lindrande og helbredande behandling av kreftsjukdom, og for å forebygge utvikling av sjukdomen. Strålebehandlinga blir tilpassa kvar pasient, og gitt så målretta som mogleg.

Under pasientinformasjon kan du lese meir om di behandling.

 

Fann du det du leita etter?